Dei første kvinnelege kommunestyrerepresentantane

Av: Synøve Bringslid.

Ragna Nielsen var i leiinga for Norsk Kvindesagsforening frå starten i 1884 og ho representerte Kvindestemmeretsforeningen i Kristiania bystyre frå 1901 til 1904. Original av Asta Nørregaard (1853-1933), olje på lerret i Oslo Museum fra ca. 1900 (OB.00468). Hentet fra Wikipedia, den frie encyklopedi.
Ragna Nielsen var i leiinga for Norsk Kvindesagsforening frå starten i 1884 og ho representerte Kvindestemmeretsforeningen i Kristiania bystyre frå 1901 til 1904. Original av Asta Nørregaard (1853-1933), Oslo Museum ca. 1900 (OB.00468). Wikimedia commons.

”Dei 100 første kvinnene i kommunestyra” er eit prosjekt som Riksakivaren og Norsk lokalhistorisk institutt har sett i gang i samband med stemmerettsjubileet i 2013. Prosjektet har jobba med å skaffe opplysningar om dei første kvinnelege representantane som vart valde inn i kommunestyra tolv år før kvinnene fekk statsborgarleg stemmerett i Noreg.

I 1898 hadde Stortinget fått sju forslag om kommunal stemmerett for kvinner til behandling utan at det vart oppnådd fleirtal. Året etter vart det samla inn tolv tusen underskrifter frå kvinner i heile landet som vart lagt ved eit nytt krav om stemmerett. Dette vart også avvist. Det første gjennombrotet kom i 1901, då 40 % av kvinnene fekk kommunal stemmerett. Same året fekk landet sine første kvinnelege representantar i kommunestyra. Kven var desse første folkevalde kvinnene og kva stod dei for?

Kvinnene hadde ingen grunn til å juble over valdeltaking og valresultat i 1901. Berre 21 % av kvinnene med stemmerett deltok. På landet stemte berre 9,5 % og i byane 48 %. Til samanlikning stemte 45 % av mennene, 41 % på landet og 57 % i byane. I dei større byane var det godt frammøte, men i over femteparten av landkommunane, i alt 116, stemte ingen kvinner.

Under valet protesterte motstandarar av kvinnestemmeretten ved å stryke kvinner på vallistene. Det skjedde i Kristiania, Trondheim og Drammen. I Tromsø var det ei kvinne, kumulert på Høgre si liste, som bad om å bli stroken, fordi ho ikkje ville risikere å bli einaste kvinne i bystyret. Frå Kristiansand vart det meldt at mange menn nekta konene sine å stemme, og at andre prøvde å påverke dei til å stemme på sitt parti.

Kvinner på mange lister

I Kristiania vart det oppretta ei ”kvinnestemmerettsliste.” I tillegg til Venstre, Høgre og Arbeidarpartiet var det også liste for Fråhaldspartiet og ei upolitisk liste. Men det kom berre seks kvinner inn i bystyret. Eksperimentet med eiga liste for kvinnestemmerettskravet falt ikkje så heldig ut. Berre dei to første på lista, Anna Holsen og Ragna Nielsen kom inn i bystyret. Det beste resultatet kvinnene oppnådde i Kristiania var for Arbeidarpartiet, der dei fekk inn to av fjorten representantar. Det var Margareta Strøm og Martha Tynæs. Av 48 representantar for Høgre, vart det vald inn to kvinner, Sophie Borchgrevink og Elise Heyerdahl. Venstre, som i stor grad hadde støtta kvinnestemmerettskravet, fekk ikkje ein einaste kvinneleg representant inn i Kristiania bystyre.

I Bergen, Trondheim, Stavanger og Larvik kom det inn seks kvinner i bystyra. I Kristiansand kom det inn sju.

På landsbasis stod 42 % av kvinnene som vart vald inn på Høgre sine lister, 21 % stod på Venstre. Fråhaldslistene og nokre andre lister hadde 14 % kvar. At så mange kvinner vart valde inn på Høgre sine lister, kan synast overraskande. Kravet om kvinnestemmerett hadde fått meir stønad frå Venstre enn frå Høgre. Valresultatet må tolkast som eit uttrykk for at det var dei mest velståande kvinnene som hadde fått stemmerett. Elles ser vi at mange kvinner gav stønaden sin til Fråhaldspartiet. Rusmisbruk var eit samfunnsproblem, og kvinnene hadde lenge vore aktive i fråhaldsforeiningar. Rusmisbruk førte ofte til vald, som også ramma kvinner, og det var derfor mange kvinner som nærma seg kvinnesaka gjennom fråhaldssaka.

Mange var lærarar

Om vi ser litt nærare på dei som vart valde inn i bystyret i Kristiania, finn vi kvinner som markerte seg på fleire sett i samtida si. Ragna Nielsen, som vart vald inn på kvinnestemmerettslista var pedagog, skulestyrar og kvinnesaksforkjempar. Allereie som femtenåring starta ho med å undervise for å hjelpe mora økonomisk etter at foreldra vart skilt. Ho var aktiv i kvinnesaksorganisasjonar og starta sjølv privat jenteskule i 1885. Ho underviste i småskulen og realskulen om føremiddagen og på gymnas om ettermiddagen. Anna Holsen, som vart vald inn saman med ho, var lærar, kvinnesakskvinne og arbeidde for at kvinnelege lærarar skulle få ein høgare fagleg og økonomisk status.

Elise Heyerdahl, som vart vald inn for Høgre, var også lærar. Ho vart den første kvinnelege medlemen av formannskapet. Ho er også den første kvinna som kom inn i Høgre sitt sentralstyre, og ho var stiftar av Høgrekvinnene sin klubb.

Av alle desse var Martha Tynæs den som skulle markere seg sterkast i Oslo-politikken. Ho var sterkt engasjert i rettane til einslege mødrer og barna deira. Mellom anna var ho sakkunnig for sosialdepartementet under utarbeidinga av ”dei castbergske barnelovane.” Tynæs hadde også ein middelklasse-bakgrunn. Ho var dotter av ein kjøpmann, og gift med ein målarmeister. Men ho hadde vore aktiv i arbeidarkvinnerørsla sidan 1895, og ho var med å stifta Arbeidarpartiets kvinneforbund i 1901. Ho var leiar av forbundet frå 1906 til 1920, og i sytten år sat ho som einaste kvinne i sentralstyret for Arbeidarpartiet. Frå 1901 til 1919 sat ho i bystyret og frå 1908 til 1919 også i formannsskapet.

Lærerinne og elevar ved døveskolen i Kristiania. Original i Statsarkivet i Oslo (A-10023 Skådalen skole: Ua_3) – utsnitt.
Lærerinne og elevar ved døveskolen i Kristiania Original i Statsarkivet i Oslo (A-10023 Skådalen skole: Ua_3) – utsnitt.

Sivil status og yrke

Av dei hundre innvalde kvinnene hadde 62 eiga inntekt eller var i lønna arbeid. 52 var gifte, 38 var ugifte, åtte var enker og to var skilt. 34 av dei gifte kvinnene var husmødrer utan eiga inntekt. Det finst ikkje fullstendige opplysningar om alle, men i alle fall fjorten av kvinnene som var gifte, var i lønna arbeid. Av dei hundre kvinnene var 34 lærarar eller skulestyrarar. Læraryrket var eit yrke som var opna for kvinner på dette tidspunktet, dersom ein hadde ressursar til å ta utdanning. Dei kvinnelege lærarane hadde likevel ein kamp å kjempe fordi dei fekk mykje lågare lønn enn sine mannlege kollegaer. Det blir fortalt at då ei modig lærarinne på 1890-talet bad om å få lik lønn med dei mannlege kollegaene sine fekk ho til svar at det er ”forskjell på meierismør og margarin.” Dei kvinnelege lærarane måtte betale kursa sine sjølve, medan mennene fekk kursa gratis. Atten av kvinnene dreiv med handel. Eit døme på det, er Karen Iversen, som vart vald inn på upolitisk liste. Ho var ugift og dreiv moteforretning i Hemnes i Nordland. Louise Engen var fotograf og vart vald inn for Venstre i Bodø. Ho hadde god utdanning i foto og var politisk og sosialt engasjert. Ho sat både i formannskapet, skulestyret og soknerådet og var engasjert i kvinnesak, og vart seinare vald til å vere Bodø Kvinneråd sin utsending til Det internasjonale kvinneråd.

Nokre av kvinnene livnærte seg av kafé- eller hotelldrift. Ei var jordmor, og nokre var gardbrukarar. Ei var til og med godseigar. Martha M. Persen var lege og vart vald inn på Høgre si liste i Stavanger. Ho var aktiv i kristeleg-, sosialtog fråhaldsarbeid og var også med på å stifte Stavanger Kvinne- og spedbarnsheim. Ho held ei rekke populære foredrag om anatomi der berre kvinner kunne delta. Nokre av kvinnene overtok mannen sitt yrke etter at dei var blitt enker, slik som Julie Mohr i Bergen, som overtok handelsgartneriet etter mannen sin, og Anna Falk i Hemnes i Nordland, som dreiv ektemannen sin bokhandel vidare.

Godt vaksne middelklassekvinner

Fleirtalet av dei hundre kvinnene som vart valde inn i politikken i 1901 kom frå velståande familiar og gifta seg med likesinna. Dei fleste tilhøyrde det ein den gong ville kalle øvre middelklasse eller det solide borgarskapet. Gjennomsnittalderen var 44 år, men dei kunne også vere nærmare 60 år. Vi finn ei jordmor i Årstad ved Bergen som er 62. Kvinnene er altså relativt vaksne og erfarne. Eit unntak var den yngste, Oline Holtmoen frå Hamar, som var 27 år, men til gjengjeld kom ho til å delta i politikken i førti år.

Dei fleste vart sittande i ein periode, sytten sat i to periodar, og nokre få sat lengre. Vi veit at ved neste kommuneval, i 1904, kom det inn berre tre kvinner i Kristiania bystyre. Det oppstod ei kvinnefientleg stemning i hovudstaden etter valet i 1901, men kvinnene gav ikkje opp.

Då Stortinget vedtok at det skulle haldast folkeavstemming om oppløysing av unionen mellom Noreg og Sverige i 1905, sendte leiaren for Landskvinnestemmerettsforeninga eit telegram til stortingspresidenten med krav om at kvinnene måtte få delta. Då det kom negativt svar, vart det starta ei ny underskriftskampanje som gav 244 765 underskrifter frå kvinner i heile landet til stønad for unionsoppløysing. Dette var eit overveldande resultat. Mobilisering fram mot 1905 gav kvinnestemmerettsaka eit løft som skulle føre til at kravet vart innfridd nokre år seinare.

Dei politisk aktive kvinnene frå slutten av 1800-talet var velutdanna og dei markerte seg langt utover på 1900-talet. Dei var sterke og dei var pionerar. Dei sokna til ulike politiske parti, men hadde også mykje felles. Dei hadde alle draumar om det gode liv, ikkje berre for seg sjølv, men dei ønska også å betre forholda for fattige, redusere rusbruken og førebyggje sjukdommar. Dei var vitne til eit samfunn der det var ulike rettar for menn og kvinner, men dei bana veg for at nye generasjonar av kvinner skulle få eit betre liv. Sjølv om dei hadde ein gunstig sosial bakgrunn, forstod dei at det ikkje var nok. Hardt arbeid var naudsynt, og det var innsatsen til desse kvinnene som la grunnlaget for at Noreg i 1913 vart den første sjølvstendige staten som ga kvinner statsborgarleg stemmerett på lik linje med menn.

Martha Tynæs, Louise Engen og Elise Heyerdahl var blant dei hundre første kvinnene i kommunestyra, Engen i Bodø, dei to andre i Kristiania.Fotograf: Forbech/ukjend/Forbech. Originalar i Oslo byarkiv / NRK Nordland fylkesleksikon.

Kjelder og litteratur

  • De hundre første kvinnelige kommunestyrerepresentantene, på http://www.lokalhistoriewiki.no
  • Agerholt, Anna Caspari: Den norske kvinnebevegelses historie, Oslo 1937
  • Støren, Thordis (red.): Kvinnekunnskap, Oslo 1976
  • Aasen, Elisabeth: Bergenske kvinner, Pax 2006
  • Norske Kvinners nasjonalråd 1904–1954, Flisa 1957
  • Bergen Bys historie bd. III, Bergen 1982
  • Norske Kvinner, 150 portretter, Oslo 1943
  • Cappelens Kvinnehistorie bd II, 1992
  • Streiftog gjennom Bergen Venstre i 100 år 1883–1983, Bergen 1983

Synøve Bringslid er førstearkivar ved statsarkivet i Bergen.
Denne teksten er del av historieblogg.no sitt samarbeid med arkivMagasinet, og ble først trykt i arkivMagasinet 2/2013.

 

Share

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published.

*