Krigsheltinne eller tyskarjente?

Masteroppgåva mi i historie handla om kvinnene sin innsats i etterretningsarbeid for den norske motstandsrørsla under krigen. I oppgåva var det spesielt ei kvinne som eg konsentrerte merksemda rundt, Dagmar Lahlum. 

Av: Kristin Hatledal

Foto: Wikipedia
Foto: Wikipedia

Då eg starta på oppgåva fann eg etterkvart ut at det fanst store skilnadar mellom kva etterretningsarbeid motstandskvinnene utførte, og at dette også kunne verke inn på kva lagnad kvinnene fekk etter krigen. Ikkje alle motstandskvinner opplevde at etterkrigstida vart ei lukkeleg tid, for nokre vart dette den tøffaste tida. Ei av desse kvinnene var Dagmar Lahlum, og det var ho eg først og fremst konsentrerte oppgåva rundt. Grunnen til dette var at det var fleire uoppklarte spørsmål rundt krigshistoria hennar, og i tillegg hadde ho ei motstandshistorie som skilde seg ut ifrå mange andre motstandshistorier.

Dagmar Lahlum vart etter krigen skulda for å vere tyskarjente, og fekk oppretta landssviksak mot seg fordi ho hadde tatt seg jobb i det tyske tryggingspolitiet (Sipo). Det var også slik omgivnadane såg på ho heilt til ho døde i 1999. To år seinare vart det nedgradert britiske arkivrapportar som sa at ho hadde vorte rekruttert til teneste for det britiske etterretningsvesenet gjennom kjærasten Eddie Chapman, og at ho før det skulle ha vore med i den norske heimefronten. Kva var sanninga her? Historia om ho fekk meg også til å stille spørsmål om det alltid var like klåre skiljelinjer mellom kva side folk kunne hamne på under krigen, og om det ikkje også kunne finnast gråsoner i krigshistoria?

Dagmar Lahlum – ung og eventyrlysta

Dagmar Lahlum var 17 år då krigen kom til Noreg. Ho var eigentleg frå Eidsvoll, men ho var i 1940 allereie reist til Oslo for å få seg arbeid. Ho var ung og eventyrlysta, og ivrig etter å oppleve meir enn kva ho meinte vesle Eidsvoll hadde å by på. Ein aprilkveld i 1943 var ho saman med ei veninne på restaurant Ritz, der traff ho ein kjekk tysk mann som ho først skal ha avvist kontakt med. Han gav likevel ikkje opp, og skal ha fortald at han eigentleg var fransk journalist.1 Kontakta vart gjenoppretta og etter den kvelden vart dei fort eit par. Dagmar Lahlum visste det ikkje då, men denne kontakta skulle etterkvart føre ho inn i britisk etterretningsarbeid, og etter krigen inn i ei landssviksak som følgde ho resten av livet.

Restaurant Ritz. Foto: Mittet & Co. / Oslo byarkiv
Restaurant Ritz. Foto: Mittet & Co. / Oslo byarkiv

Mannen som Dagmar Lahlum møtte på restaurant Ritz den kvelden heitte Eddie Chapman og var eigentleg britisk dobbeltagent. Han var i Noreg på jobb for tyskarane, som trudde han var deira mann, men eigentleg hadde han oppdrag frå britisk etterretningsvesen, MI5. I britiske etterretningsrapportar står det at Chapman, etter nokre månadar saman med Lahlum, fortalde ho kven han eigentleg var, og rekrutterte ho til britisk etterretningsvesen. Dette skal Dagmar Lahlum ikkje hatt noko imot, og ho skal også ha røpt at ho allereie var involvert i illegalt arbeid for den norske motstandsrørsla. I mars 1944 fekk Chapman beskjed av sine tyske oppdragsgivarar om å reise på eit nytt oppdrag utanfor Noreg, noko han også gjorde. Men før han reiste gav han Lahlum beskjed om å halde fram kontakta med medlemmene av den tyske etteretningsorganisasjonen Abwehr, og prøve å få tak i meir informasjon.2

Landssvikstraff

Etter at Eddie Chapman reiste fekk Dagmar Lahlum seg jobb i den tyske tryggingstenesta, Sipo, med å sensurere brev. Ho jobba der frå november 1944 til frigjeringa i mai 1945. I landssvikforklaringa hennar gjev ho opp grunnen til at ho tok seg jobb i Sipo: Ho var redd for å verte sendt på tvangsarbeid til Nord-Noreg.3 Det som er mest interessant med landssvikforklaringa til Lahlum er likevel ikkje dei opplysningane ho gjev der, men det som ikkje står i forklaringa. Ho seier ikkje noko om at ho var involvert i motstandsarbeid for norsk motstandsrørsle, og heller ikkje  at ho vart verva til britisk etterretning. Lahlum fortel at ho traff Eddie Chapman, men gjev ikkje opp noko meir enn fornamnet hans og seier at ho ikkje visste noko om kva oppdrag han hadde for britane. Til slutt understrekar ho likevel at ho aldri har vore tysk eller NS-innstilt, og at ho no ønskjer å komme i kontakt med det engelske politiet. Det engelske politiet avviste derimot å ha noko kontakt med ho, og ho vart sendt tilbake til varetekt der ho sat i seks månadar. Halvanna år seinare kom saka hennar opp for retten, og ho vart dømt til fengselsstraff lik den tida ho hadde sona i varetekt og eit rettstap som blant anna innebar tap av stemmerett i ti år. Ho godtok straffa og snakka aldri meir til nokon om Eddie Chapman, norsk motstandsarbeid, britisk etterretning, landssvikstraffa eller det ryktet ho hadde fått blant folk i Eidsvoll som tyskarjente.

Dette var det som stod i dei einskilde kjeldene som eg i hovudsak brukte i oppgåva. For at eg skulle kunne vere i stand til å seie noko meir enn det som allereie var komme fram her var eg nøydde til å sjå alle kjeldene oppimot kvarandre. Kor truverdig var det som var komme fram i desse kjeldene? Eddie Chapman var den einaste som fortalde at Dagmar Lahlum var med i motstandsarbeid under krigen. Kor mykje kunne eg stole på Eddie Chapman som kjelde? Dagmar Lahlum sa aldri noko om dette, sjølv om det kunne ha redda ho frå tiltale. Var det fordi ho aldri var med i motstandsarbeid? Eit sentralt spørsmål vart difor: Var Dagmar Lahlum med i norsk motstandsrørsle under krigen? Og i tillegg: Var Lahlum med i britisk etterretningsvesen? Eg var også interessert i å sjå nærmare på landssvikstraffa hennar. Var straffa Dagmar Lahlum fekk i landssvikoppgjeret rettferdig?

Eddie Chapman – dobbeltagent med kriminell fortid

Foto: Wikimedia
Foto: Wikimedia

Eddie Chapman hadde ei kriminell fortid, og dei britiske etterretningsoffiserane som han jobba for  var av og til litt i tvil om dei kunne stole hundre prosent på han. Han sat fengsla av britane på Jersey då tyskarane okkuperte øya. Og det var til tyskarane han tilbaud sine tenester først, før han hoppa av til britane då han var på oppdrag i England. I dei engelske arkivrapportane kjem det fram at ikkje alle stolte like mykje på personen Chapman, men likevel festa dei i stor grad lit til dei opplysningane han kom med. I ein rapport stod det blant anna: ”(…) his sincerity in reporting details can hardly be doubted in view of the conciderable checks om them, both from other informants and especially from most Secret Sources.”4

I tillegg til at dei britiske etterretningsoffiserane vurderte opplysningane hans som truverdige, kan ein finne att mykje av dei same opplysningane i landssvikforklaringa til Dagmar Lahlum. Unntaka her var alt det som Lahlum ikkje fortalde om sin eigen motstandsinnsats. I oppgåva fann eg blant anna ut at ho ved minst to tilfelle heldt tilbake opplysningar om Eddie Chapman som det er heilt klart at ho visste. Ho fortalde at ho ikkje visste Chapman sitt fulle namn, og at ho ikkje visste kven av tyskarane han var i kontakt med. Dette kjem det klart fram i dei britiske rapportane at ho må ha visst, blant anna gjennom eit brev ho sendte til Chapman med hans verkelege namn. Grunnen til at Lahlum heldt tilbake ein del opplysningar kjem kanskje av at ho hadde fått beskjed av Chapman om å teie om dette, noko som var vanleg i etterretningsarbeid. Men det kan også ha vore at ho ikkje rekna med å verte trudd, spesielt ikkje etter at det engelske politiet avviste ho. Mest sannsynleg var det ein kombinasjon av dei to forklaringane. Det visar uansett at Dagmar Lahlum ikkje fortalde alt ho visste, og at ho difor like godt kunne ha teia om sin eigen motstandsinnsats, samtidig som Eddie Chapman si forklaring om dette vert meir truverdig.

Var Dagmar Lahlum med i motstandsarbeid?

Sjølv om opplysningane i dei britiske etterretningsrapportane må seiast å vere truverdige, så er det likevel nokre usikre punkt i høve til Lahlum sin motstandsinnsats. Dette gjeld først og fremst den norske motstandsinnsatsen hennar. Kjeldene på dette området er for få og lite konkrete til at det er mogeleg å seie noko sikkert om ho var med i norsk motstandsrørsle, og kva ho eventuelt gjorde. I  dei britiske etterretningsrapportane stod det at ho hadde fortald Chapman opplysningar ho umogeleg kunne ha fått gjennom legale kanalar, og at ho hadde fått Chapman til å redde ein venn av seg som skal ha vore med i den norske motstandsrørsla. Det er mogeleg at ho deltok i motstandsrørsla i Noreg, men det er umogeleg å seie noko sikkert om dette utifrå dei kjeldene som har komme fram til no. Det er eit visst sannsyn for at ho hadde nokre kontaktar i motstandsrørsla, men det tydar likevel ikkje det same som at ho sjølv deltok i motstandsarbeidet. Dersom ho deltok i motstandsarbeid var dette mest sannsynleg i ei meir anonym rolle, der det var få folk som kjente til at ho var med. Ho var nok ganske sikkert ikkje nokon fast deltakar i ein organisasjon, då ville det sannsynlegvis ha komme fram under landssviksaka.

I spørsmålet om ho var med i det britiske etterretningsvesenet, så kjem det fram meir konkrete opplysningar om dette i dei britiske rapportane. Ved å leggje til grunn den forklaringa Eddie Chapman kom med om Dagmar Lahlum, er det klart at Lahlum vart rekruttert av han til det britiske etterretningsvesenet på eit tidspunkt i løpet av 1943, då Chapman var i Noreg. Ho utførte også etterretningsoppgåver for han, både medan Chapman framleis var i Noreg, og etter at han var reist tilbake til England. Det ser derimot ikkje ut til at britane såg på ho som ein fast agent for dei, men at dei først og fremst rekna ho som Chapman sin norske kjæraste. Lahlum gav likevel Chapman hjelp ved fleire tilfelle. Ho tok blant anna bilete av dei tyske kontaktane hans, og det er i alle fall dokumentert eit tilfelle i dei britiske rapportane der Chapman skal ha gjeve informasjon til britisk etterretning som det var Lahlum som stod bak.5

Var landssvikstraffa rettferdig?

Eit anna spørsmål som eg drøfta i oppgåva var om den straffa som Dagmar Lahlum fekk for arbeidet i Sipo kan seiast å ha vore rettferdig i høve til det brotsverket ho skulle ha gjort. Dagmar Lahlum fekk straffa si ved førelegg, og hennar einaste forsvar vart då dei to korte forklaringane ho gav den 15. juni 1945 i samband med fengslinga, og den 26. juni 1945 i forhøyrsretten. Her gav ho lite opplysningar som kunne ha hjelpt ho til å verte frikjent. Ho innrømma å ha tatt seg jobb i Sipo, og det er slått fast i Om landssvikoppgjøret at arbeid i brevsensuren hos Sipo heilt klart var noko som var straffbart.6 At forholdet ho vart straffa for hadde dekning i landssviklova er det altså ingen tvil om. Derimot kan landssvikstraffa hennar seiast å ha vore vel hard. Ho fekk eit landssvikførelegg der straffa var 189 dagar i fengsel, som var det same som varetektsstraffa hennar. I tillegg fekk ho eit rettstap som sa at ho miste stemmeretten og retten til å gjere teneste i landsforsvaret i ti år. Ei vanleg straff å gje for jobb i brevsensuren i Sipo var, i følgje Om landssvikoppgjøret, fengsel i 60-120 dagar, og desse kvinnene var vanlegvis medlemar av NS.7

Dagmar Lahlum fekk altså ei straff som var hardare enn andre kvinner som dreiv med same arbeid som ho. Det var politiet som hadde ansvaret for at Lahlum vart sittande i fengsel ein månad lengre enn kva forhøyrsretten hadde sagt, og i tillegg var det politiet som anbefalte kva straffa skulle verte i førelegget. Etter krigen var politiet sterkt redusert, og det var difor ein del uerfarne folk som etterforska landssviksakene. Det er òg ein viktig faktor at Dagmar Lahlum ikkje fekk ein dom i ein rettssak, men at ho fekk eit førelegg. Dagmar Lahlum hadde eit rykte som tyskarjente på grunn av forholdet til Chapman, og det er ein viss mogelegheit for at politimennene, spesielt viss dei hadde lite erfaring frå slike saker, kunne verte påverka av strømmingar i samfunnet. Dette kjem endå klarare fram gjennom ei anna sak eg såg nærmare på i oppgåva, saka til Anne Marie Breien. Ho opplevde også å få oppretta ei landssviksak mot seg som vart opprettheldt i halvanna år utan grunnlag. Ho hadde under krigen forelska seg i ein av gestaposjefane, Siegfred Fehmer, medan ho samtidig fekk tak i etterretningsinformasjon. Ved hjelp av den kontakta ho hadde med han fekk ho redda mellom 30 og 90 nordmenn ut av fengselet.

Avslutning

Forteljinga om krigen i Noreg har ofte vore fortald med eit skarpt skiljelinje mellom dei som var på den rette sida, og dei som var på feil side under krigen. Ei forteljing med ei helt/skurk-inndeling, der skurkane var dei tyske okkupantane og dei norske nazistane, og heltane var resten av det norske samfunnet, og då spesielt dei som tok aktivt del i motstandskampen. Anne Eriksen skriv det slik: ”Fortellingen om krigen er vårt århundres variant av den store fortellingen om kampen mellom det gode og det onde.”8 I dei seinare åra har det vore opna opp for ei historieforteljing der også nyansane har komme meir til syne enn tidlegare. Grunnstrukturen i forteljinga har likevel ikkje vorte endra. På mange måtar kan ein seie at fokuset på heltehistoriane har vore med på å byggje opp om den nasjonale historieskrivinga om krigen. Ole Kr. Grimnes skriv i sin artikkel, ”Historieskrivingen om okkupasjonen”, at det utvikla seg ein nasjonal konsens i løpet av krigen, der opposisjon mot den nazistiske statsmakta var av det gode, og NS og okkupantar var av det vonde. Han skriv også at all seriøs historieforsking om okkupasjonen i røynda har vore driven innanfor denne konsensusen, sjølv om det har vore tendensar til at meiningsspekteret har auka og toleranseterskelen har vorte større.9 Historikar Odd-Bjørn Fure har teke utgangspunkt i dette, og skriv at dei problematiske erfaringane i lang tid har lege utanfor den okkupasjonshistoriske interessehorisonten. Og at ei konsensusførestilling, basert på ei utviklingshistorie som er tolka så einsidig positivt, har gjeve lite rom for å ta opp vanskelege og traumatiske forhold.10

Eit stort fokus på ytterkantane i okkupasjonshistoria har ført til at det er fleire sider ved andre verdskrig i Noreg som det har vorte skrive lite om. Det har vorte skrive mykje om motstanden i Noreg, men også her har det vorte fokusert meir på nokre sider enn andre, blant anna har kvinnene i mindre grad vorte skrivne om. Det har òg vore peika på, av blant anna Fure, at det har vore lite plass til nyansane. For dei fleste nordmenn som levde under krigen var det ikkje alltid svart-kvitt. Dei som levde tettast på tyskarane måtte ofte føre eit visst samarbeid for å klare seg gjennom kvardagen. Mange tok seg jobb på tyske anlegg under krigen, ofte av nødvendigheit, men ikkje alltid. Til og med motstandsfolk var mange gonger nøydde til å inngå eit visst samarbeid med fienden, både ved sidan av og i motstandsarbeidet. For nokre, som Anne Marie Breien, innebar det å gå inn i motstandsarbeid, og så ende opp med å få eit fysisk forhold til ein av dei mest hata tyskarane i Noreg under krigen, Siegfred Fehmer. Dagmar Lahlum gjekk motsett veg, og opplevde å forelske seg i ein som ho trudde var tysk, men som så viste seg å vere engelsk, og kom slik inn i motstandsarbeidet. På den måten er dei begge eit eksempel på at grensene mellom kollaborasjon, tilpassing og motstand ikkje alltid var like klare. Det var ikkje nødvendigvis slik at folk berre heldt seg i ein av desse kategoriane under krigen, tvert imot så kunne dei ofte overlappe kvarandre. Okkupasjonshistoria har ofte vorte framstilt i svart-kvitt, med mi oppgåva ville eg prøve å vise til at det ikkje alltid var slik, men at bildet kunne vere i gråsoner, også i motstandskampen.


Kristin Hatledal er historiker fra universitetet i Oslo med masteroppgava Krigsheltinne eller tyskarjente? : historia om Dagmar Lahlum – i lys av andre etterretningskvinner, og forfatter av boka Kvinnekamp. Historia om norske motstandskvinner.


  1. Rapport til politimesteren i Oslo og Aker 15.6.1945. L-sak Oslo pfm F. nr. 418 /47.  

  2. Camp 020-report KV2/459.  

  3. Rapport til politimesteren i Oslo og Aker 15.6.1945. L-sak Oslo pfm F. nr. 418 /47.  

  4. Rapport datert 15.3.1943. KV2/459.  

  5. Ho hadde gjeve Chapman opplysningar om Standartenfuhrer Fehlis. Camp 020-report KV2/459.  

  6. Om landssvikoppgjøret 1962: 245.  

  7. Ibid: 245, 428.  

  8. Eriksen 1995: 168.  

  9. Grimnes 1990: 117.  

  10. Fure 1999: 39.  

Share

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published.

*