Johan Gast. American Progress. 1872.

Det Gud vil gjere

Nokre førestillingar kring ekspansjon vestover i 1840-talets USA:

Det velkjende måleriet nedanfor vart måla rundt 1872 av John Gast og har tittelen «American Progress». Om ein skal trekke fram eitt slåande trekk ved dette motivet, fell mitt val på bevegelse. Samtlege av hovudelementa i komposisjonen er i tydeleg bevegelse frå høgre mot venstre, eller rettare sagt, frå aust mot vest. Komposisjonen er sjølvsagt ikkje sett saman på slump: Pelsjegarane, pionerane, the pony express, dei tre kontinentale jernbanane m.m. er alle sentrale bestanddelar i forteljinga om korleis det gjekk til at USA i løpet av 1800-talet kom til å strekke seg frå atlanterhavskysten i aust til stillehavskysten i vest, og som heilskap fortel dette måleriet ein versjon av denne forteljinga. Måleriets midtpunkt er Columbia, ei personifisering av USA i form av ein kvinneskikkelse med guddomlege, eller engelaktige, trekk. Her svevar ho lysstrålande over landskapet og får mørkret, villdyra og indianarar til å vike, med ei bok med tittelen «School Book» i høgre armkrok og telegraflinja ho er ferd med å trekke opp, i venstre hand. Festa til beltet sitt har ho meir oppkveila telegrafkabel tilgjengeleg. Som alt anna i biletet er også ho på veg vestover.

Johan Gast. American Progress. 1872.

Det Gud vil gjere
Då Gast måla siste penselstrøk på «American Progress» hadde telegrafen vore i bruk i nesten 30 år i USA. 24. mai, 1844 vart det fyrste morsesignalet sendt gjennom om lag 70 kilometer telegrafkabel frå Washington D.C. til Baltimore. Professor Samuel F.B. Morse stod sjølv for tappinga og i ring rundt han, i Høgsterettsalen i kongressbygget, stod nasjonens øvste leiarar og observerte begivenheita. Signala Morse tappa inn vart motteke i Baltimore og same signal vart sendt attende til Kongressbygget: «WHAT HATH GOD WROGHT». Demonstrasjonen av den nye oppfinninga hadde vist seg å verte triumferande vellukka og med valet av innhaldet i den fyrste beskjeden hadde Morse, i følgje han sjølv: «baptized the American Telegraph with the name of its author», som altså var ingen ringare enn Gud sjølv.

Som så mange andre amerikanarar i 1840-åras USA såg den intenst religiøse Morse på seg sjølv som ein reiskap i Guds velmeinande hender. Sidan starten på hundreåret hadde ei religiøs oppvakning, «The Second Great Awakening», satt sterkt preg på nye nasjonen. Nye religiøse grupperingar vart i desse tiåra stifta i hopetal, dei allereie etablerte vart rent ned av tilstrøymande nye medlemmer og kalvinistiske grunnførestillingar fekk fornya vind under vengene og breidde seg over store delar av det amerikanske folket. Blant desse grunnførestillingane fann ein mellom anna den at det tilfeldige ikkje fantes: alt som fann stad på jorda var styrt av Skaparen som i kraft av å vere allmektig satt med total kunnskap om, og total makt over, verda. Alt som hende vart som følgje av dette rekna for å vere ein konsekvens av hans aktive medverke og initiativ, som ein del av Guds plan. At professor Morses tekniske briljans hadde vist seg å leie fram til konstruksjonen av telegrafen var altså ingen tilfeldigheit, men eit forutbestemt ledd i planen til oppfinningas eigentlege opphavsmann, Gud.

Morse var ikkje i tvil om at telegrafen kom til å verte eit uunnvereleg hjelpemiddel i arbeidet med å spreie den
amerikanske samfunnsforma med vestover. Med utgangspunkt i ein ideologi smelta saman av opplysningstankar og protestantisme var hans oppfatting at siviliseringsprosessen som no fann stad i dei vestlege delane av landet utelukkande av det gode, bestemt av Gud og difor umogeleg å stoppe. Desse tankane vart delt av mange amerikanarar som såg USA sin skjebne i eit sterkt religiøst lys. Det unge nasjonen hadde blitt tildelt ei særskild oppgåve, nemleg å opprette og spreie eit styresett etter Guds vilje som skulle fungere som døme til etterfølging for resten av verda. Saman med det amerikanske demokratiet ville også kristendommen spreie seg og med tida ville denne spreiinga gjere verda klargjort for innsetjinga av Tusenårsriket, forstått som ein periode på tusen år der paradisiske forhold skulle regjere jorda, Satan skulle vere bunden, men ved periodens slutt skulle han setjast fri at for at menneska skulle prøvast ein siste gong før dommens endelege dag skulle inntre.

Få dagar etter den fyrste demonstrasjonen av telegrafen, satt Morse igjen parat vet apparatet i høgsterettsalen. Gjennom linja frå Baltimore vart det stadig sendt oppdateringar frå Det demokratiske partiet sin nasjonale partikongress. Då meldinga om kven som skulle vere demokratanes kandidat i det kommande presidentvalet kom tikkande inn, kunne Morse ein smule skuffa meddele at demokratane noko overraskande hadde peika ut James Knox Polk som sin mann. Professoren sin skuffelse hadde si årsak i at Polk hadde vunne over favoritten hans, den særs imperialistiske og ekspansjonsvenlege Lewis Cass. Det skulle imidlertid vise seg at Morse ikkje hadde nokon grunn til å frykte stagnasjon i utvidinga av USAs territorium.

James Knox Polks grenseflytting
Polk hadde stilt til val som demokratanes presidentkandidat på eit politisk program der ekspansjon vestover, «the re-occupation of Oregon and the re-annexation of Texas», vart sterkt vektlagt. Han haldt fram med denne linja i sjølve presidentvalkampen og vann med knapp margin over motkandidaten sin, Henry Clay. I det demokratiske valkampprogrammet som låg til grunn for Polk sin nominasjon heitte det blant anna at den amerikanske retten til heile Oregon opp til 54°40», var «clear and unquestionable; that no portion of the same should be ceded to England or to any other power.»

Det som i 1844 vart vist til som Oregon var eit landområde med eit flateinnhald på om lag 1,2 millionar km² plassert i nordvestre del av Det nordamerikanske kontinent. Kven som hadde retten til oregonterritoriet var eit spørsmål det ikkje hadde lukkast britiske og amerikanske myndigheiter å einast om då dei etter krigen mellom dei to landa i 1812–14 skulle verte samde om kvar grensene skulle gå mellom britisk og amerikansk territorium. Løysinga vart å opprette ei midlertidig ordning som i utgangspunktet skulle vare i ti år, men som i 1827 vart fornya og erklært for å vere gjeldande på ubestemt tid. Ordninga gjekk i hovudtrekk ut på at begge partar fritt kunne hente ut ressursar frå dette området, samt nytte seg av områdets hamner, elver og trasear som dei ville, fram til ei endeleg løysing på grensespørsmålet vart oppdriven. Skulle framtidige forhandlingar ikkje føre fram, kunne ein av partane likevel avslutte samokkupasjonsavtalen ved å sende eit notat som varsla at denne innan tolv månadar rekna samokkupasjonen for avslutta.

Då Polk haldt sin innsetjingstale i mars, 1845, gjorde han det tydeleg at han ikkje hadde gløymt den politiske plattforma hans presidentkandidatur hadde kvilt på. Retten til Oregon vart framleis haldt fram for å vere «clear and unquestionable» og Texas vart omtala som ein sjølvsagt del av Sameininga. Då han mot slutten av året skulle avlevere sin første rapport over rikets tilstand vart anneksjonen av Texas og oregonspørsmålet igjen via mykje merksemd.

Presidenten meddelte i rapporten at innbyggjarane i Texas sidan sist hadde akseptert invitasjonen om å bli innlemma som stat i USA, og at det einaste som stod att i anneksjonsprosessen var Kongressens formelle samtykke. Denne anneksjonen var i følgje Polk å rekne som ein hyllest til «the American principle of self-government». Dette fordi den territorielle utvidinga hadde vore «a bloodless achievment» og at sverdet ikkje hadde teke del i sigeren. Amerikanarane hadde på ingen måte freista å utvide sitt territorium ved erobring og tvang. Anneksjonen var heller å rekne som «the deliberate homage of each people to the great principle of our federative union,» konstaterte Polk. Med tanke på at utvidinga hadde funne stad, «springing purely from the choice of the people themselves to share the blessings of our union», ville det i følgje presidenten vere vanskeleg å finne ei tilsvarande hending i verdshistoria. Dei sameinte statanes jurisdiksjon, som ved underteikninga av Grunnlova hadde vore avgrensa ved Atlanterhavet av St. Mary’s, hadde passert «the Capes of Florida» og strakk seg no fredfullt fram til Rio del Norte.

Ved å gje anneksjonen av Texas rolla som eksemplifiserande ledd i forteljinga om dei siste 56 åras utviding av amerikansk jurisdiksjons verkeområde, vart eit halvt hundreår med ekspansjon frårøva sine enkelhendingars eigenart og måla over med eitt universaliserande penseldrag: amerikansk ekspansjon skjedde altså kun i fredfulle former og kun på initiativ og ut i frå ynskje til menneska som allereie befann seg i områda.

Når deg gjaldt Oregon kunne presidenten meddele at britane sidan sist hadde avvist eit forslag frå amerikansk side om ei kompromissgrense i nordvest langs 49° breiddegrad og at tida for diplomatiske forhandlingar med dette verka å vere over. Han bad difor Kongressen om å ta stilling til om USA skulle nytte seg av klausulen i avtalen som opna får å sende eit avtaleavsluttande notat til motparten, noko han sjølv meinte ville vere ein passande ting å gjere, ettersom: «[t]he extraordinary and wholly inadmissible demands of the British government … afford satisfactory evidence that no compromise which the United States ought to accept can be effected.»

Då avtalen om samokkupasjon av Oregon vart inngått i 1818 hadde svært få amerikanarar sett føtene sine i dette området. Dei som hadde opphaldt seg der i lengre periodar kunne på dette tidspunktet avgrensast til eit lite knippe personar som på eitt eller anna vis var tilknytt pelsnæringa. I laupet av dei nesten tredve åra som hadde gått sidan avtalen vart signert hadde imidlertid busetnadsmønsteret endra seg. Frå 1820-talet og utover hadde meir og særleg mindre korrekt informasjon om Oregon blitt aktivt spreidd av ulike oregonentusiastar som talte varmt om mogleikane i vesten. Tidleg på 1830-talet vart også Oregon peika ut som satsingsområde av American Board of Commissioners for Foreign Missions. Skildringar av indianarane i Oregon sitt ugudlege levevis vart spreidd gjennom ei mengd publikasjonar, pengane strøymde inn til oregonmisjonen og allereie i 1834 vart den første amerikanske misjonsposten oppretta i Willamette Valley. Seint på 1830-talet byrja migrasjonen vestover for alvor å ta form. Gruppene som la ut på den 320 mil lange reisa langs The Oregon Trail vart stadig større og nøyt godt av ekspertisen til misjonærar som hadde gjort reisa tidlegare og no var villige til å vise veg for andre. Særleg markerte 1843 eit vendepunkt i migrasjonsrørsla vestover då ei gruppe på over 1000 reisande, i tillegg til over 5000 kveg, kom velberga fram til Willamette. Denne hendinga vart referert til som the Great Migration, eit omgrep som også vart nytta om dei engelske puritanaranes fyrste migrasjonsbølgje vestover i perioden 1629–30. I 1845 nådde så mange som 3000 nye settlarar områda rundt Willamette Vally og talet på amerikanske innbyggjarar vart dermed dobla til 6000 totalt.

Etter kvart som emigrantsamfunna vart større og meir komplekse, såg mange eit behov for oppretting av eit lovverk som gjaldt for alle dei residerande i området. I følgje samokkupasjonsavtalen var engelske og amerikanske borgarar kun forplikta til å forhalde seg til sin nasjons lovverk og ingen av partane hadde rett til å leggje den andre partens borgarar under sin jurisdiksjon. Dette skapte i aukande grad problem ettersom emigrantar frå begge nasjonane omgjekk kvarandre til dagleg og ofte hamna i konfliktar med kvarandre. Opprop der dei amerikanske innbyggjarane i Oregon ba om at myndigheitene i Washington måtte leggje territoriet under sin jurisdiksjon slik at dei skulle kunne leve liva sine under lov og orden vart i tråd med dette hyppig sendt til, og lesne opp, i Kongressen.

I tillegg til å anbefale Kongressen å avslutte samokkupasjonen anbefalte også Polk utarbeidinga av eit førebels lovverk for oregoninnbyggjarane med det som mål å leggje trygge juridiske rammer rundt dei fram til tolvmånadersperioden var omme. Presidenten nytta i samband med dette høvet til å gremmast over at amerikanarane i Oregon, i motsetnad til dei britiske, ikkje hadde noko form for juridisk tryggleik rundt liva sine. Til trass for manglande juridisk vern hadde likevel «the patriotic pioneers, who, amidst privations and dangers, lead the way through savage tribes … who cultivate and are ever ready to defend the soil … multiplied, and their number is rapidly increasing …» noko som i følgje Polk var eit prov på «the character of our people and institutions.» Dei hadde på fredsamt vis «fortified themselves in their new homes»; ikkje ved å ty til våpenmakt, men heller «by the adoption of republican instituions for themselves; furnishing another example of the truth that self-government is inhenrent in the American breast, and must prevail.»

I desse merknadane, som prisa dei amerikanske utvandraranes verke og veren i Oregon, alluderte Polk til Fyrste Mosebok 1:28 eit vers som består av Guds fyrste bod til menneska: «And God blessed them, and God said unto them, be fruitful and multiply, and replenish the earth, and subdue it; and have dominion over the fish of the sea, and over the fowl in the air, and over every living thing that moveth upon the earth.» Ut frå merknadane til Polk verkar det samfunnet som grydde i Oregon å nettopp vere resultatet av at pionerane i all enkelheit leidde liva sine etter dette bodet: dei bar frukt, vart fleire, etterfylde jorda, la ho under seg og nytta ho til oppretthald av livet. Særleg interessant for oss er Polks framstilling av korleis det var mogleg for pionerane å følgje Guds bod og kultivere villmarka «amidst privatations and dangers» og «savage tribes inhabiting the vast wilderness»: ikkje ved bruk av våpenmakt, men ved å la republikanske institusjonar danne ei festning rundt dei utsette liva sine. Denne framstillinga av amerikanske utvandrars utøving av Guds bod og vilje som tett samanbunde med det amerikanske styresettet, trakk ytterlegare eit penseldrag over amerikanske ekspansjon som noko som skjedde etter gudgjevne prinsipp.

Den amerikanske kongressen og oregonspørsmålet
Texas vart formelt innlemma i USA heilt på tampen av desember 1845 og oregonspørsmålet stod dermed att som ei sak med hovudprioritet for Den amerikanske kongressen. I laupet av våren 1846 vart saka debattert, først i Representantanes hus og deretter i Senatet. Saka vakte stor merksemd og galleria i kongressbygningen var fullsett av tilskodarar som overvar debatten. Uvanleg mange av Kongressens medlemmer meinte dei hadde noko dei skulle ha sagt i denne saka. I Representantanes hus var kampen om taletid så hard at det nær på oppstod regelrette slagsmål i kongressalen. Temperaturen i debatten var konstant høg i dette kammeret og sjølve avstemmingsdagen fortona seg som eit komplett kaos. I følgje referenten var avstemmingsprosessen såpass prega av «shouts of laughter – cries of «54°40» forever» – stamping of feet and clapping of hands» og det var nær på umogleg å høyre kva som vart sagt i rommet.

Ei overveldande fleirtal av kongressmedlemmen meinte at retten til Oregon var amerikansk, men det fanst imidlertid usemje om det var klokt å avslutte avtalen ved å hevde retten til territoriet heilt opp til 54°40». Eitt mogleg utfall av å hevde retten til heile området var nemleg atter eit krigsutbrot mellom USA og Storbritannia – verdas suverent mektigaste militærmakt. I debattinnlegga til kongressmedlemmene som talte varmt for å gjere Oregon amerikansk var same type tankar og oppfattingar som dei me har sett vart delt av Morse og Polk tilstades i stort monn. Det vart jamt og trutt vist til den ustoppelege sivilisasjonsprosessen, den uunngåelege skjebnen, Guds plan og amerikanaranes plikt i høve til oppgåva dei var utvald til å utføre, og for første gong dukka omgrepet «Manifest destiny» opp som del av det amerikanske politiske ordskifte.32 Det vart vist til at verken britar eller indianarar hadde reell rett til jorda ettersom dei ikkje brukte i tråd med Guds første befaling. Amerikanaranes ærend i Oregon var derimot fullt ut i tråd med Guds bod. Dei skulle nemleg gjenvinne området «from its wild state, to make it blossom like the rose – to rear up a mighty republic based on the rights of man.» Storbritannia som kun var interessert i Oregon på grunn av pelsnæringa «keeps it as a breeding den for wild beasts … God gave it for the uses of man, England uses it for the breeding of beasts.» Det var med andre ord ikkje vanskeleg å tenkje seg kven som hadde Gud på si side dersom ein krig skulle bryte ut mellom dei to. Fleire av dei som viste til at det ikkje hasta med å erklære heile Oregon for amerikansk viste til at om ein berre tok tida til hjelp ville heile området felle innunder amerikansk jurisdiksjon.34 Alt peika i retning av at amerikanarane ville ta over området: Britane kom snart til å ha utrydda dei store pelsdyra og ville difor miste interessa for Oregon; indianarane kom snarleg ikkje til å utgjere nokon trugsel ettersom «they are melting away before the advance of civilized population like snow before the sun.»

23. april 1846 vedtok Kongressen at det avtaleavsluttande notatet skulle sendast til britiske myndigheiter. Til skuffelse for mange av tilhengarane av innlemminga av heile Oregon vart det i notatet streka under at amerikanarane håpa på ei venlegsinna avslutting på samokkupasjonen. Som eit svar på notatet vart ei grense langs 49. breiddegrad tilbydd frå britisk side i mai, og 17. juni 1846 godtok amerikanske myndigheiter tilbodet. Amerikansk jurisdiksjon nådde no frå atlanterhavskysten i aust til stillehavskysten i vest. Med sigeren i krigen mot Mexico to år seinare vart også California gjort til amerikansk territorium. I laupet av Polks fire år som president hadde USA nær på fordobla sitt territorium og Morse si frykt for at Polk ikkje skulle føre den amerikanske sivilisasjonen vestover var på alle måtar motbevist.


Nina Maria Rud gjorde ferdig sin masteroppgave i historie, Den 29. amerikanske kongress og handsaminga av oregonspørsmålet (1845-1846) Ein studie i lovgjevande maktutøving ved universitetet i Oslo i 2010.

Artikkelen er del av historieblogg.no sitt samarbeid med tidsskriftet Fortid. Den er publisert i Fortid 3/2011 Forflytninger i fortiden, som blir sluppet i kveld, 6. oktober. Her på bloggen er artikkelen publisert uten noter, men så snart siste Fortid er oppe i .pdf-format på nettsidene sine, vil det bli satt inn ei lenke slik at den interesserte leser også kan lese referansene.

Share

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published.

*