Skrivemåten og den frie viljen – namn på gardar og gardsbruk

Av: Ivar Teigum.

Denne teksten skal handle om namn, ikkje føre- eller etternamn på personar med det rettsvernet som finst for dei, men om namn på gard og grend. Den gjeldande lova om stadnamn som mellom anna regulerer skrivemåten i offentleg samanheng, vart vedteken av Stortinget i 1990. I seinare tid har skrivemåten av namn på gardar og gardsbruk fått ny aktualitet. Det vil seia spørsmålet om kven som skal ha det siste ordet om korleis slike namn skal skrivast.

Arbeidet med standardverket Norske Gaardnavne (1897-1936) var oppstarta av Oluf Rygh og sidan fullført av broren Karl Rygh. Utgangspunktet for arbeidet med dette verket var matrikkelrevisjonane i 1838 og 1878. Ønskjemålet var å finne attende til grunnformer og opphavleg tyding av det nasjonale namnematerialet. Dessutan var det viktig å sjå utviklinga av den lokale uttalen. Til dette føremålet vart militærleirar kringom i landet besøkte for å høyre korleis rekruttane uttala namna dei var oppvaksne med. Slik skulle det historiske medvitet om samanhengen mellom land og folk styrkast også på dette nære området for dei aller fleste. Grunntanken bak Norske Gaardnamne, omsynet til grunntyding og lokal uttale, har vore rådande i lovgjevinga på området fram til lova om stadnamn frå 1990.

Dansk styre og dansk språk gjennom fleire hundreår hadde sett djupe merke på den norske namnematerialet, og omsynet til opphavleg tyding og lokal uttale gjorde at ein grundig revisjon vart oppfatta som nødvendig. Det kunne gjelde utbyting av bokstavar som q, w, x og z. men også fjerning av vokalen e som forlenging av ein føregåande lyd som i namnet Hoel. Eit anna døme kunne vera ein stum h som i Dahl eller Dahle.

 

Tre km etter at riksveg 15 har teke av frå Europaveg 6 ved Otta i Gudbrandsdalen, finn vi vegskiltet Dahle. Skiltet peikar mot eit område med fleire gardbruk og eit bustadfelt frå 1970-talet. Namneforma Dale eller Dahle kjem truleg frå ei form av dalr i norrønt. Gardane Dale øvre og nedre ligg i solhellinga og dominerer landskapet på si side av elva Otta. I Rondane på austsida av hovuddalføret finn vi Daleranden med fleire store fangstanlegg frå mellomalderen for rein. Mykje ligg til rettes for ei tolking av topografi og namneform som gjev garden ein sentral posisjon i eit forhistorisk kulturlandskap. Utover frå 1700-talet finn vi øvre Dahle med ein danskpåverka h som prestenkjegard i Vågå prestegjeld.

Gardar, plassar og bruk
I norsk daglegtale blir gard og gardsbruk nytta om kvarandre. Slik er det ikkje i busetnadshistoriske og rettslege samanhengar. Husmannsvesenet på 1600- 1700- og 1800-talet skapte plassen som bustadeining. Med avviklinga av denne skipnaden kom først arbeidarbruka, sidan småbruka, og ordninga med bureisingsbruk. Gardane var dei bustadeiningane som vi finn i matriklane frå 1660-talet, og som styresmaktene ønskte å ha eit komplett oversyn over som grunnlag for skattlegginga av landet. I busetnadshistorisk samanheng på 1900-talet vart det operert med omgrepet opphavsgardar for å feste desse einingane i landskap relaterte til forhistorisk tid og mellomalder.

Namnet Dale med skriftforma Dahle kan nyttast som eit typisk eksempel på ei utvikling som har rådd grunnen over heile landet. Gardnamnet har vore knytt til opphavet for området. Ein av dei tidlegare husmannsplassane under Dahle fekk namnet Dahlelia i matrikkelen i samsvar med den skrivemåten som hadde vore gjeldande frå dansketida. Namnegarden øvre Dahle vart kommunal eigedom frå 1915, tunet vart nytta som gamleheim for bygda fram til slutten på 1950-talet. Ti år seinare vart heile jordvegen lagd ut til bustadfelt for Otta, det påtenkte regionsenteret for Nord-Gudbrandsdalen. Namneforma Dahle ekspanderte til vegar og postadresser.

Bruk, hevd og privat eigedomsrett
Lova om stadnamn frå 1990 følgde opp det vedtekne prinsippet om å knyte skrivemåten av stadnamn til rettskriving, opphavleg tyding og lokal uttale. Det er dette som i ein del tilfelle sidan har vorte eit minefelt i forhold til eigedom, odel og tilvande skrivemåtar. Ein ting er forholdet mellom gardsnamnet og bruken av det som etternamn. På øvre Dahle i Sel kommune var odelsjenta Andrea Dahle borte utan arvingar før lova om personnamn vart vedteken i 1923, så for henne var ikkje dette ei sak. Med skrivemåten av etternamnet sitt kunne ho ha gjort som ho ville i dag som den gongen. Andre med dette etternamnet finst heller ikkje lenger på nokon av gardane Dahle øvre og nedre. Frå 1990 derimot skulle bokstaven h i sjølve gardsnamnet ha fare den same vegen som andre stavemåtar futane på 1600- og 1700-talet let etter seg. Det same gjeld det avleidde bruksnamnet Dahlelia.

På stortinget i 2008 kom eit framlegg frå høgrerepresentantane Olemic Thommesen og Øyvind Halleraker der dei tok til orde for at endring av skrivemåten på bruksnamn ikkje burde finne stad utan etter samtykke frå grunneigar. I lovarbeidet var behovet for ein standard grunngjeve med prinsippet om offentleg forvalting av namn på vegar og bustadfelt. Dei to representantane kalla dette for tvangsendring, og la fram nokre eksempel der ei standardisering av skrivemåten på gardsbruk ville føre med seg splitting og identitetstap mellom tilvand felles skrivemåte av slektsnamn og gardsnamn. Førerangen til grunneigaren tufta dei på den private eigedomsretten og med det odels- og åsetesretten. Innstillinga frå kulturkomiteen i denne saka var ei samrøystes støtte til framlegget deira, og av Stortinget vart saka behandla den 13. januar 2009.

Saksordføraren for denne saka var Trine Skei Grande (V). For henne var to prinsipp viktige. Det eine var lekmannsskjønnet der ho samanlikna med juryordninga og kampen mot embetsveldet på 1800-talet. Det andre galdt kulturhistoria og alle dei små og store omstende som gjennom tida hadde nedfelt seg i stavemåten av gardsnamna. Liksom i framlegget la Olemic Thommesen (H) særleg vekt på omsynet til den personlege eigedomsretten i forhold til gardsbruk. Etter dette vart innstillinga godkjend av eit samla storting som ba departementet raskt utarbeide lovformuleringar i samsvar med vedtaket.

Debatten galdt altså ikkje sjølve namnelova, men kven som skulle ha det siste ordet i spørsmål som galdt skrivemåten for gardar og gardsbruk. Det skulle gå tre år før Kulturdepartementet la fram eit høyringsnotat slik Stortinget hadde bede om. I dette notatet blir det gjort eit par presiseringar i samsvar med det opphavlege framlegget frå Thommesen og Halleraker. Om garden som eit større område skal det offentlege framleis ha det siste ordet. I spørsmålet om det frådelte bruket derimot skal grunneigaren sitt syn vega tyngst der det rår ulike syn.

Høyringsnotat og høyringsuttaler i 2012
Innan høyringsfristen var ute den 1. august, hadde det kome inn 65 høyringsuttaler med merknader og 16 som berre tok notatet frå Kulturdepartementet til etterretning. Dei kritiske merknadane kom frå faglege instansar, språkrådet, fleire universitet, ikkje minst frå målrørsla, og frå fleire kommunar. Frå ein historisk ståstad kan argumenta framlagde av Institutt for historie og klassiske fag ved NTNU seiast vera representative for kritikken som har kome fram i høyringsuttalene. Uttala startar med å slå fast at stadnamna utgjer ein del av den felles kulturarven, og at dei ikkje er eigedomen til den einskilde grunneigaren. Slik det går fram av lova om stadnamn frå 1990, er det derfor fellesskapet sitt rettmessige ansvar å ta vare på dei nedervde stadnamna, både gardsnamna, dei avleidde bruksnamn og andre stadnamn.

Notatet frå Kulturdepartementet gjer ei kopling mellom bruksnamn og etternamn slik framlegget frå Thommesen og Halleraker i si tid la avgjerande vekt på. Men dette blir feil sett i ein vidare samanheng. Historikarane i Trondheim peikar på at kravet om etternamn er knapt eit hundreår gamalt medan gardnamna dei er avleidde frå er mange hundreår. Det å skulle normere bruksnamna etter slektsnamna blir derfor å snu det heile på hovudet.

Avgjersretten til grunneigaren eller festaren skal kunna dokumenterast ut ifrå offentleg bruk, heiter det i notatet frå departementet. Men til dette punktet er det ikkje knytt krav om kjeldekritikk. Historikarane i Trondheim skriv: «Eitt og same namn kan ha vore skrive i mange variantar, dette på grunn av ulike eller manglande rettskrivingsnormer gjennom tidene, mishøyring og misforståing frå vedkommande skrivar.» Ei følgje av denne råderetten for private eigarar kan bli namneskifte ved kvart nytt eigarskifte dersom den nye eigaren finn seg ein annan skrivemåte som han kan påvise bruken av i skattelister, kontrakter eller offentlege brev gjennom hundreåra. Av dei nemnde grunnane rår Institutt for historie og klassiske fag ved NTNU at ein let vera å endre lova om stadnamn.

Namn på gardar og bruk som kulturarv
Stadnamna er den eldste kulturarven vi har. Det er ein germansk arv frå forhistorisk tid. Det er ein samisk arv som i dag er i ferd med å bryte seg igjennom eit asfaltliknande lag av gløymsle og fortrenging. I delar av landet kan det finnast førgermanske namnespor. Alle desse spora har på ulike vis nedfelt seg i gardsnamna. Derfor er lova om stadnamn så viktig. Namnegardane ligg ofte sentralt og dominerande til i landskapet. Somme er kyrkjestader, andre sete for bygdesentra og bustadfelt. Derfor er dei ein viktig del av den nasjonale kulturarven som det er ei viktig sak for fellesskapet å ta ansvaret for. Det er ikkje mindre viktig enn spørsmåla om verneverdige bygningar og andre monument, og grunngjevinga er i prinsippet den same som for nasjonalparkane. I denne språkbruken blir namna på gardar og frådelte gardsbruk som ei randsone det er mykje om å gjera å ta vare på som den nasjonale skatten dei er.

Litteratur


Ivar Teigum, f. 1944, Cand philol, tidlegare lektor, forfattar av Bygdebok for Vågå og Sel.

Share

1 Comment

  1. Det gjeld stadnamnlova!

    Ivar Teigum skriv i delkapitlet ”Bruk, hevd og privat eigedomsrett”: ”Debatten galdt altså ikkje sjølve namnelova, men kven som skulle ha det siste ordet i spørsmål som galdt skrivemåten for gardar og gardsbruk.”
    Visst handla debatten om stadnamnlova! Lova gir m.a. reglar for kven som skal fastsetja skrivemåten for stadnamn, inkludert gards- og bruksnamn. Etter lova har eigaren/festaren rett til å uttale seg, men til sjuande og sist er det Statens kartverk som fastset skrivemåten av desse namna.

    Ivar Teigum skriv elles i det same delkapitlet: ”Frå 1990 derimot skulle bokstaven h i sjølve gardsnamnet (Dahle) ha fare den same vegen som andre stavemåtar futane på 1600- og 1700-talet let etter seg.” Mange stavemåtar frå 1600- og 1700-talet forsvann faktisk i samband med matrikkelrevisjonen i 1886. Men ein del av dei same barokke og danskinspirerte stavemåtane har diverre dukka opp att på vegskilt og kart i seinare tid (t.d. hadde gardsnamnet som Teigum omtalar, skrivemåten Dale i 1886-matrikkelen.)

    I eit debattinnlegg i Morgenbladet 17. august 1836 peikte etnologen, historikaren og politikaren Ludvig Kr. Daa på at det var ein leivning frå dansketida ”at Steder og Provinser hos os stundom have et danskt Navn, som bruges i Skrift, og et norskt, som bruges i Tale.” Daa heldt fram med å seie at dei danske herskarane hadde fått folk til å forakte det norske språket og sjå opp til det danske. Han undra seg over kvifor det norske folket etter frigjeringa frå Danmark framleis ”opbevarer de gamle Uselvstændighedsmærker med Omhyggelighed istedetfor at lade dem falde sammen ved deres egen Raaddenhed.” Som døme på ”Raaddenheder” nemner han ein del gardsnamn frå Toten som t.d. Thune og Suchestad og han foreslår fornorsking til Tune og Sukkestad.

    Dersom det blir vedteke ei endring i stadnamnlova i tråd med framlegget som no ligg føre, vil dette vera eit brot på ein nesten to hundre år gamal tradisjon i arbeidet med å fornorske og vidareføre norske gards- og bruksnamn som kulturminne. I så fall vil mange av dei same skrivemåtane som Daa harselerte over i 1836, på lovleg vis kome til syne att på kart og vegskilt.

Legg igjen en kommentar til Jorunn Aarsby Avbryt svar

Your email address will not be published.

*