Jol i min barndom

Dette er eit personleg minne fra tida kring 1950, henta fra Landslaget for lokalhistorie si Minneinnsamling 2012

***

Me var 4 systre, seinare fekk me også ein bror, som voks opp på småbruket Hugnastad i Modalen. Me hadde ein liten gard med 3-4 kyr, nokre sauer, gjerne ein gris og nokre ungdyr og nokre høns. Far hadde heile tida arbeid utanom garden, i sandgruper og på betongvarefabrikken. Det vart difor mor og me ungane som tok oss av mykje av gardsarbeidet. Me var med og hesja, raka, tok turrhøy, slo med stuttorv, og breidde møk. Me lærde også å mjølka og stella i fjøset. Me tok opp poteter og renska ugras or åkrane. Det var mykje arbeid, men me lærde tidleg å ta eit tak.

Tidleg på hausten byrja me å gle oss til jol. Dette var på midten av 50-talet, me hadde ikkje TV og den slags, men radio hadde me, og den var mykje i bruk. Me byrja å syngja jolesongane i november, for dei måtte me kunna til jol.  Mor sette oss til å laga adventskalendar av ei knøsje (stor soppaktig utvekst på tre). Me  fann ei fin knøsje og sette 24 fyrstikker i den. Så tok me ut ei fyrstikke kvar dag og talde kor mange det var att til jol. Seinare, då me var litt større, kjøpte me adventskalendar med luker og bilete bak kvar luke. Det var veldig vanskeleg å venta med å opna lukene, så det hende at lukene vart opna i forkant, og så trykte att. Men det var ikkje så spennande når me visste kva som var bakom.

Jolegåver var det ikkje så mykje av, men me fekk nokre kroner av mor så me fekk kjøpa litt småtteri til kvarandre. Det kunne vera eit fargeleggingshefte, fargeblyantar, hårspenner, ei lita dokke eller slikt. Mor strikka leistar og vottar og kanskje ein gensar til oss. Me jentene lærde også å strikka heime. Når jola endeleg nærma seg, vart det travelt. Men det var dei siste dagane før jol, ikkje i heile desember som no. Det skulle bakast litt småkaker, i alle fall smoltringar. Det likte dei vaksne, men ikkje me ungane. Så me bakte gjerne eit par sortar i tillegg, for eksempel sirupssnippar, serinakaker og sandkaker. Mor  bakte flatbrød, kling og lefser på bakstehella i kjellaren. Medan godmor mi levde, var ho med på dette. Jolekvelden skulle me ha lutafisk, så turrfisken var lagt i bløyt i vatn kring 12. desember, og så vart den lagt i lut om lag ei veke før jol. Det skulle helst vera oskelut av bjørkeoska, men  hadde me ikkje det, vart luta laga av kaustisk soda. Fisken skulle liggja i lut 3-4 dager, og så vatnast ut eit par dagar, så det var ein heil prosess. Vetlajolafta skulle me vaska skikkeleg i huset, slik at det skulle vera reint til jol. Det var ikkje noko triveleg hugsar eg,med vaskebøtter og rot i huset. Men så vart det no triveleg etterpå. Me ungane vart gjerne bada vetlajolafta om kvelden, og fekk reine underklær.

Jolafta føremiddag var vanleg arbeidsdag, om jolafta fall på ein kvardag. Joletreet vart gjerne hogd jolafta, og då var det ikkje slik at ein såg etter det finaste treet, men etter det som var ”falaste”, eit som ikkje egna seg til å veksa  opp og verta til tømmer. Treet mangla gjerne greiner på eine sida, og var ofte både skakt og skeivt. Me ungane var ofte misfornøgde med treet, men det hjelpte ikkje, ein kunne ikkje ta eit fint tre. Far bora gjerne hol i treet og sette inn nye greiner der det mangla, så når det vart pynta, vart det bra. Me ungane pynta treet om ettermiddagen. Noko av pynten var heimelaga. Til å byrja med hadde me levande jolelys, seinare fekk me elektriske.

Kl 16.00 skulle alt arbeid vera ferdig, nonsbordet var dekka i stova  og jolematen sett fram. Det var nybakt kveitebrød med litt kanel i svingane, kvitost, heimelaga sylteflesk, kling og lefser og jolekaker. Alt smaka godt, særleg kveitebrød med kvitost. Kvitost vart berre kjøpt til høgtid og helg, då den var dyrare enn brunost, som me brukte til kvardags. Alle husets folk var samla til dette måltidet, gamle og unge. Me starta måltidet med å syngja: ”Til høgtid no seg samle”. Og høgtid var det. Men eg kan ikkje hugsa at det var vanleg at me las joleevangeliet.  Me hadde gjerne radioen på og høyrde på klokkeringjinga når jola vart ringt inn i alle landets kyrkjer. Etter nonsmaten laut dei vaksne i floren, og me ungane styrde med litt av kvart inne, klemde på jolepakkene som låg under treet, las i jolehefta og venta på at dei vaksne skulle koma innatt.

Det var forventning i lufta. Då dei vaksne kom innatt or floren, var det å få ferdig middagen. Lutafisken kom på bordet, med heimebaka flatbrød og bondesmør til, og poteter. Ikkje noko anna tilbehør av slikt som dei har i dag. Til dessert var det ofte sviskegraut med fløytemjølk til. Me ungane kunne  styra vår begeistring for lutafisken, men den høyrde no jolaftan til. Dei vaksne likte lutafisk, og dei gav seg god tid med måltidet. Men endeleg var det tid for pakkeopning, og det var no ein gong gjort, det var ikkje så mange pakker på kvar, men me sette pris på det me fekk. Me brukte ikkje å ha jolenisse, pakkene låg under treet og vart delte ut av ein av ungane.

Etter at opninga var unnagjort, vart joletreet teke fram på golvet og lysa tende, og så skulle me gå rundt treet. Det var ikkje alltid me var mange nok til å få ein heil ring, men då tok me nokre dokker og bamsar med. Godmor og godfar var ikkje med og gjekk om treet det eg hugsa, dei sat og såg på. Det var sikkert noko gamle folk ikkje skulle befatta seg med. Far var heller ikkje alltid så huga på å vera med, men me fekk han no med ei stund. Me gjekk om treet og song alle kjende og ukjende jolesongar som me hadde øvd på før jol, og dei fleste kunne me alle versa på. Eg hugsar ein song som me lærde på skulen, som ikkje vert brukt noko i dag:

”Kaldt og mørkt og lite sol, soleis er det fram mot jol. Mor så mangt har med å fara, likevel ho støtt må svara”. Slik lydde første verset.

Då alle songane var sungne, var det tid å setja seg ned å sjå på jolegåvene, eta litt appelsin og knekkja nøtter, og så vart det etterkvart tid for å gå til ro. Me sat ikkje oppe til seine kvelden, men gjekk til ro i 22-tida, som regel glade og fornøgde. Men eg hugsar eg tenkte at det var leit at jolafta alt var ferdig, at det hadde gått så fort, og at det var eit heilt år til neste gong.

Det var ei spesiell stemning i huset jolafta, og gjekk me ut i kveldinga var det jolaftanstemning ute og. Kanhenda såg me Betlehemsstjerna på himmelen visst det var klårt, og fantasien fekk vengjer, me såg for oss Betlemensmarkene og det som hende der. Dersom det var stilt og klårt i veret, kunne me høyra ein svak om av kyrkjeklokkene på Mo når jola vart ringt inn klokka 17.00.

Den tida det var prest som budde på Mo, heldt han preik i kyrkja jolafta og då gjekk me nokre gonger til kyrkje og var med på gudstenesta. Var det sparkeføre kunne me sparka, men det gjekk ikkje bil. Eg hugsar ein gong me tre eldste gjentene hadde bestemt at me ville i kyrkja på gudsteneste. Men yngste syster vår som var ein 4-5 år den gongen, ville me ikkje ha med, det var for mykje bal å dra på henne. Men då me laga oss til og skulle gå, ”skapte ho seg til” og gret og bar seg. Me prøvde å bestikka ho med at ho fekk opna ei jolepakke, men då pakka var opna, gav ho seg ikkje likevel, så ho laut få vera med. Det var minst ein halv time å gå kvar veg, men eg trur me kunne bruka spark den gongen, så det gjekk no bra.

Joledag skulle me for det meste vera i ro, men foreldra våre var ikkje så strenge på det. Var veret fint var me gjerne ute om ettermiddagen og leika.

Skulen skipa til joletrefest i skulehuset,  der borna deltok med program som dei hadde øvd inn, men denne festen var gjerne ikkje før i januar, når skulen hadde teke til att. Me gledde oss til denne festen og det var alltid stappfullt i skulehuset. Folk hadde mat med, men kakao og kaffi vart servert. Eg hugsar enno den gode kakaoen som vart servert i store koppar. Av og til bad også læraren oss heim til seg på ein jolefest ut på nyåret. Der gjekk me rundt joletreet saman med lærarfamilien og hadde joleleikar.

I det heile var det ei enkel jolefeiring , men det var mykje større forskjel på kvardag og helg før, og jola var den største høgtida i året. Me var fornøgde slik me hadde det, me visste ikkje om noko anna.

Julekort fra 1948. Digitalisert av Nasjonalbiblioteket på Flickr.
Julekort fra 1948. Digitalisert av Nasjonalbiblioteket på Flickr.
Share

3 Comments

  1. Kjære forteljar. Dette var ei fin joleforteljing. Eg ser at Jol i Modalen liknar på joleforteljinga heimefrå.Fortelinga «Barndomens jul i Skjerdal» som kom ut i «Jol i Sogn 2017»,har mange samanfallande ting med denne forteljinga.Eg kunne ha lyst til å bruka forteljinga i «Jol i Sogn 2018» som ein historie litt utanfor Sogn , men som ei naboforteljing. Dersom dette er i orden ser eg gjerne at de sender over forteljinga på E post. MBH Olaf Skjerdal Medlem av bladstyret i Jol i Sogn.
    PS Diverre er det ingen betaling for dette då bladet er dreve på frivillig basis, Men eg kan tilby dykk «Jol i Sogn 2016 og 2017.

    • Hei, Olaf Skjerdal.
      Denne fortellinga er henta fra minneinnsamlinga til Landslaget for lokalhistorie. Jeg har jo selv fått lov til å gjenbruke den, og jeg vil tro at det samme gjelder for deg. Jeg sender dem en epost med kommentaren din. Krysser fingrene for at de tar kontakt.

      Hilsen Marthe Glad.

  2. Hei og takk for svar. Eg ser gjerne at de sender over denne forteljinga som E post. MBH Olaf Skjerdal.

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published.

*