Kåre Lunden på same trappa vel 60 år seinare. Foto: Kåre Byrkjeflot, 2010.

Endring i Naustdal 1932-2012: Frå barn til fôrhaustar

Kåre Lunden skrev denne teksten for Lokalhistorisk magasin i 2012. Vi har fått tillatelse til å dele den med nye lesere her på historieblogg.no: 

Eg tek redaksjonen på ordet, dette vert impresjonar av det forfattaren har ”sett og opplevd” av endringar i Naustdal i 80 år. Data vert så rette som dei finst i hovudet no. Og det Naustdal eg verkeleg kjende, var før 1947; sidan var eg berre gjest. Første presise dato i minnet er 8. april 1934; gåva på fireårsdagen var ei pappøskje med bomull i botnen; på bomulla låg ein blank toøring og to mørke eittøringar; kjøpekraft seks kamferdrops.

Av: Kåre Lunden.

Nær det klasselause samfunnet

Sogn og Fjordane er enno det mest tilbakeståande fylket, flest bønder og målfolk, færrast kriminelle. Naustdal, med vel 2500 innbyggarar heile tida, var overtypisk. Normalmennesket var gardbrukaren, med familie må slike ha utgjort nær 90 prosent av folket i 1932?

Klassestrukturen i bondesamfunnet der var slik at storbøndene hadde 8–10 kyr, dei medelstore 6–7, småbøndene 4–5. I totalsamfunnet der utgjorde presten og dokteren, begge bondesøner, aristokratiet; øvre mellomklasse var bondelensmannen, ca. 10 lærarar og like mange handelsmenn. Nedre mellomklasse var så normalmenneska, gardbrukarane. Ein slags underklasse var nokre bygdeskreddarar og bygdeskomakarar av det gamle slaget – to i min skulekrins – og så eit spirande proletariat av 10–15 vegarbeidarar. Men desse og handverkarane hadde mest alltid eit mikrosmåbruk ved sida. Altså så nær det klasselause samfunnet som vi kjem, på denne sida av Paradiset eller Revolusjonen.

Alle bønder hadde hest, kyr, gris, nokre sauer og høner, katt og hund. Alle dyrka korn, poteter og litt grønsaker. Proporsjonen mellom åker og husdyr, og mellom dyreslaga, var ikkje bestemt av varierande prisar i 1930–40-åra, men låg fast, bestemt av dei omsyn bøndene i vikingtid og mellomalder laut ta for å sikre livet i uår; alle grøder svikta ikkje samtidig. Og alle bønder laut ha gjødsel til kornet.

Sølvreven, som kanskje 20 prosent av bøndene heldt, var eit innslag av verkeleg marknadsøkonomi. ”Hudson Bay Company, London” las vi på skinnpakkane som låg på stovebordet hos oss. Men skinna var tørka under himlingen på soverommet til borna; éin gong åt eit par kattar opp deler av skinna.

EIT KVELPESKUR FOR SØLVREVEN STÅR ENNO OG MINNER OM SMÅBRUKETS DIREKTE KONTAKT MED VERDSMARKNADEN I MELLOMKRIGSTIDA. FOTO: ODD BYRKJEFLOT.

Lønsnivå

Far min leigde i 1937 eit par av ”proletariatet” til å byggje elveforbygning, for naudsarbeidspengar frå Nygaardsvold; dei hadde 40 øre timen. Gardsdreng og terne som han hadde så lenge eldste ungane var små, hadde 25 kr og 20 kr kontant i månaden. Løna var mest hus og kost. Realinntekta per hovud må i 2012 vere minst fem-seks gonger høgre enn i 1937. Naustdal var nær eit fattigdomssamfunn, økonomisk sett. Korleis kunne så rask endring etter krigen skje så fort? Svaret er av global interesse; for ei hovudsak no er at fattigdomen er så seig å fjerne ved tiltak ovanfrå.

Korleis fungerte næringslivet, jordbruket, i Naustdal, nærare studert? Hovudnøkkelen er årsaker til og konsekvensar av at siste fasen av ”den demografiske overgangen”, fallet i fødselstala, enno ikkje var komen dit; i andre landsdelar kom den eit halvt hundreår før. – Næraste grannen vår i sør hadde 8 ungar, av desse 7 vitale søner på rappen; grannen i vest hadde 7 ungar, han i aust 9. Hos oss var vi 5. Korleis kunne ein bonde med 5 kyr ha råd til 8–9 ungar? Spørsmålet er feil stilt; eg kjem attende til det.

Fôring…

Nye ski med stålkantar. Biletet er teke i 1948. Kåre Lunden med veslesyster Eldrid i bakgrunnen på trappa til våningshuset på heimegarden. Familiefoto.
Nye ski med stålkantar. Biletet er teke i 1948. Kåre Lunden med veslesyster Eldrid i bakgrunnen på trappa til våningshuset på heimegarden. Familiefoto.

Ein annan hovudnøkkel til systemet og til endringane ligg i at vi som var fødde i 1930 i medel vart ein halv desimeter kortare i utvaksen tilstand enn dei som var fødde i 1990. Skilnaden kan forklårast genetisk, dersom berre den aller lengste naustedølingen vart sett inn i avlen som far, med kunstig inseminasjon av alle dei naustdalsdamene han ikkje rakk annleis. Altså ligg årsaka til heile lengdeendringa i ”fôring og stell”, i agronomspråk.

Men ho kan lite ha lege i fôringa, kosthaldet. Der var fire regelmessige måltid om sommaren, tre om vinteren, og inga rasjonering innan hushaldet. Der var brød, poteter og mjølk kvar dag. Der var fisk eller sild til middag fem dagar i veka (om sommaren dessutan røykesild til kvelds), noko med kjøt to dagar. Attåt brødet var det potetkaker, mjølkekaker eller natronkaker. Pålegg var margarin, til fest smør, og sirup, sukker, brim, syltetøy, sjeldnare ost og pølser, ikkje så heilt sjeldan egg til frukost søndag eller til nons laurdag. Nonsmaten elles graut, nokre gonger med smørauge og sukker på, og surmjølk. Det kunne ikkje vante mykje av energi, protein, mineralar eller c-vitamin, kanskje litt snautt av einskilde andre vitamin?

…og stell

Kva så med ”stellet”? Eg peikar på ein observasjon eg gjorde i 1930- og 40-åra: Til den vesle stova vår sokna fem ungar, tre eller opp til sju vaksne, når kårfolk og tenarar var inne. Der var sjeldan så stilt at ein kunne høyre slikt som flugesurr. Men det kunne hende, ein sundag, at ein sat åleine der med ei bok, så det var stilt. Nei stilt? Nettopp ikkje! Kopulasjonslyden til flugene var konstant, utan avbrot. – Den kraftige kopulasjonssurringa kan ingen erfaren ta feil av. I kvar augneblink var der minst eitt flugepar som ”hadde seg”. Då laut der ha vore mange fluger i det vesle rommet. For kvar sekvens varer berre ein sekund eller to, og flugehannar må vel ha pausar i blant, som anna folk? Flugesurret peikar nok mot hovudårsaka til at vi i den tida vart fem centimeter kortare. Flugene i stova høyrde til i ein indre sirkel som elles omfatta ein nokså open utedo, ein open gjødselkjellar, utette husdyrrom, kvelpeskur der gjødsla fall gjennom nettingen til bakken. Alt høyrde til ein ytre sirkel med hus av same slag på grannebruka, 70–80 meter unna. – Foreldregenerasjonen, fødde ca. 1900, i tæringtida, la vekt på hygiene. Husa vart vaska rundt til jul og jonsok, med byte av sengehalm; golva vart skura med handbørste, grønsåpe og tre vatn kvar laurdag, då det elles var fast badedag, med byte av underklær. Men kva hjelpte dette mot flugene? Der vart mange farangar, ”skytter” som dei sa, med oppkast og diaré, dårleg matlyst nokre dagar, så vekstenergien vart ikkje utnytta? Ei hovudendring kan vere at når ein kjem i ei naustdalsstove ein sommardag i 2012, så er også der stille. Ein lyt vente ei veke eller to før ein høyrer ein einaste flugekopulasjon? Også der er få skytter no.

Kåre Lunden på same trappa vel 60 år seinare. Foto: Kåre Byrkjeflot, 2010.

Regnver i Sunnfjord

Men dette høyrer til ein større samanheng. Ein norskstil på folkeskulen som eg fekk særleg lærarros for handla om ”Ein regnversdag” – ein var ikkje opprådd for stoff i Sunnfjord! Teksten min byrja slik: ”Eg vakna av at det lukta sotvatn. Det rann svart nedover den kvite skorsteinen. Og så høyrde eg ’pling’, ’pling’ frå golvet, mor hadde sett ut vaskefat og bøtter som takdropane datt i.” Hustaka var never og torv, skifte kvart 20. år. Men særleg mot slutten av perioden vart der ofte ”dropar”; ikkje alltid stod nokon klar til å tette dei med det same.

Tømmerhusa var gisne og trekkfulle, glasrutene enkle. ”Eg andar hol i kvitan rute,” lyder ei verselinje av Olav Nygard som ikkje alle no forstår. Vi frå 1930 forstår. Kondensen om vinteren fraus til rim og is på innsida av den enkle ruta; vi kunne ikkje sjå ut, utan å blåse hol i isen. Stovelufta var nær damp, av koking av mat og klesvask, tørking av vottar, sokkar og anna i ”ribbevegg” bak stoveomnen, ofte rå ved.

Om det regna mest dagstøtt, så hadde ingen tette regnklær av plast, få oljehyre. I slåtten gjekk grannen og far hans gjerne med ein dobbel striesekk (tom mjølsekk) over herdane, fest under haka med ein spikar, og så sydvest. Vi skuleungane kom gjerne noko våte i skulen, også på beina. Under krigen var sko berre å få kjøpt etter skriftleg søknad til forsyningsnemnda, og sjeldan då òg. Hausten 1945 fekk eg kjøpt eit par tøystøvlar frå militært lager – dei skulle vere frå Montgomery’s 8. armé i Libya. Støvlane heldt vel ute ørkensanden der, men slett ikkje væta når ein gjekk med dei i snøslaps 8 km til skulen i sentrum. Det vart ein god del forkjøling, ”influensa”, i tillegg til og forsterking av skyttene. Nye hus, isolerte, med bad og klosett, nok av solide klær og sko, er ei hovudendring i Naustdal frå 1932 til 2012. – Eg fortel det eg såg og opplevde sjølv, men påstår at det var nokså representativt for heile sjiktet av ”normalmenneske”.

Heile folket i arbeid

Så var det næringslivet, jordbruket. ”Hele folket i arbeid,” sa Nygaardsvold i 1935. Men dette galdt til visse på gardsbruka i Naustdal, også dei med 5–9 ungar, både før og fleire tiår etter 1935. Tykkjer ein det måtte vere vanskeleg å sysselsetje til dømes 7 gutar på 25 dekar dyrka og like mykje udyrka slåttemark, så er det likevel sikkert at det gjekk an. Den udyrka marka var også brenselskjelde, med spreidde tre. Der måtte ”trysjast”, rakast for kvist og visna lauv, om våren. Nokre veker vår og haust måtte kyrne gjætast der, så dei ikkje kom på tabøen, det gjødsla. Så vart graset slege, mest med stuttorv, om sommaren. Graset – som på dyrkamarka – måtte kvervast med rive to–tre morgonar, snuast oppatt ved middagstid og sætast før doggfall like mange dagar. Tørrhøyet skulle til sist rakast i hop og lessast på vogn, der nokon måtte lesse, andre trakke i lasset. Noko av graset måtte dragast fram på slep av store greiner frå Urdene eller Hamrane, eller berast i tau på ryggen. Men oftast var det regn. Då måtte graset hesjast, hesjestauren berast frå tunet, staurast i bakken og hesjestrengen eller snøret festast på hesa; éin bar sula og éin strekte. Så var det å hesje, og take or hesa og køyre inn når det var tørt. – Og så ta ned att hesa.

Slåtten på dyrkamarka gjekk sameleis, med den skilnad at to tredjedelar kunne slåast med hesteslåmaskin. Og så var der håslått. Attende til det udyrka, så vart det gjerne teke never, til hustak, og bork til garving, ved jonsoktid, av trea som skulle fellast. Då vart lauvet med kvist også kutta av, bunde til lauvkjerv og tørka til sauene. Alt dette var barnearbeid, delvis eller etter kvart alt, når vi kunne køyre slåmaskin, setje opp hes og felle tre. – Alt eg nemner er slikt vi gjorde i mi tid.

Åkeren

Setjepotetene skulle skjerast – kløyvast i to eller tre, så det kom så mange planter av éin knoll – og setjast i grokassar i fjøset seint på vinteren, så setjast i fòrene, lukast for ugras fleire gonger om sommaren, sprøytast med koparkalk frå ryggsprøyte eit par gonger, mot tørråte; potetstokken slåast med ljå og rakast av åkeren, potetene plukkast etter opptakaren. Om vinteren måtte potetbingane ein eller fleire gonger kastast om med hand; det kunne vere ein eller annan ròten knoll som spreidde forderv til resten. Med same slags atterhald som for slåtten, var alt dette stort sett barnearbeid

Til all åker, og mykje eng, måtte husdyrgjødsla køyrast ut med mòkslede på siste snøen, seinare spreiast med greip. Åkeren måtte pløyast og horvast, potetfòrer køyrast opp. Kornet vart i 30-åra skòre med sigd; så skulle det bindast til nek, og berast til førekrakken ved kornstauren. Til treskinga, med handdriven piggmaskin der straum vanta, skulle kornneka berast fram og løysast opp, halmen rakast vekk og halvfabrikatet køyrast i handdriven dryftemaskin, og kornet køyrast med hest 5 km til bygdemylna, attende til havregraut. Mykje av dette var barnearbeid, same atterhald som før.

Husdyrgjødsla var knapp, kunstgjødsla dyr. Éi haustvinne var å rake lauv og rive mose i Urdene, til underbreisle for dyra og gjødselauke; barnearbeid.

Ludvik Lunden med borna Kåre, Steinar og Dagunn i 1938. Fjordingane er Rosa med følet Rigny. Fotograf ukjent.
Ludvik Lunden med borna Kåre, Steinar og Dagunn i 1938. Fjordingane er Rosa med følet Rigny. Fotograf ukjent.

Husdyra

Også før vi, mest jentene, lærde å mjølke, måtte høyet morgon og kveld dragast fram or stålet til etene, og gjødsla til lukene. Under krigen skulle celluloseplatene, ca. 1 gonger 1 meter grovt ”papir”, rivast til større stykke for kyrne, til smålappar, som eit kronestykke, og setjast i bløyt for dei sarte hestemagane; dét tok tid, og var barnearbeid.

På smågardane, som vanta okse og avlsvêr, måtte kvar ku og sau leiast nokre kilometer til stamokse og stamvêr. Giss kven som gikk méd dei!

Mykje barnearbeid var det med sølvreven, som den daglege fôringa med bløytt ”Vitafisk”, fiskemjøl. Og så grundig vask kvart år av husa til avlstispene, med ”redekassar” som var langt betre isolerte enn folkehusa. Sølvreven var nydomestisert (nytamd) og sart; paringslysta til hannane i fangenskap kunne vere slapp, så dei måtte haldast under observasjon halve dagen, om dei gjorde si plikt. Ungane hadde tid til slikt.

Tidkrevjande var kugjætinga vår og haust. Syster mi, eitt år eldre, og eg delte slik at den eine gjette kyr om føremiddagen og passa yngre sysken om ettermiddagen, den andre motsett. Slik vart gardsdrifta spart for kjøp av gjerdenetting og krampar, eller arbeidstida til dei vaksne vart redda. I tida før telefonen sparte vi også tid for dei vaksne ved å springe ærend hit og dit, og ved å hente posten og gå i butikken nokre kilometer borte. – Første gongen eg gjekk åleine i butikken, kom eg att med eit spann sirup i eine handa, buksa i den andre. Hadde fått knappa opp selane for eit nødvendig ærend, men ikkje att, og kan ha vore fire år eller mindre?

Om vinteren var det meir fritid. Men i tillegg til husdyrstellet og omkastinga av potetbingane, tok det tid å felle, køyre fram og sage med handsag og pikke opp veden med øks. Vi hogg også av beita, tunnaste kvistene, og skava av bork med kniv og skavjern, dyrefôr. Hadde vi ikkje anna å gjere, kunne vi beinke brukte spikrar, som ikkje vart kasta. Tente vi 10 øre timen på dette, eller på anna, så var 10 øre tent, for utgiftene på ungar var faste.

Ei hovudsak var at det trongst ikkje dreng eller terne når eldste ungane voks til, og far kunne likevel mykje vere vekke på arbeid. Eit mål på når ungane kunne overta alle dei nemnde operasjonane, kan vere at sommaren 1942 var det dén av dei 7 sønene på grannegarden som då var 15 år, og så eg på 12, som gjorde alt mannsarbeidet hos oss; far var på arbeid i Sogn. Stølsbudeie hadde frå 1940 vore syster mi, som fylte 12 i oktober det året; men tre av dei fire kyrne var haustbere då, så mjølkemengda var lita.

Barnekontoen balanserte

Korleis kunne ein mann med 5 kyr ha råd til 8–9 ungar, spurde vi. Utgifter og inntekter på barnekontoen balanserte nok så omtrent. Og ei kone med 8 ungar kunne ha mindre strev med småbarnpass då enn ei med éin unge har no, utan barnehageplass. Dei eldste tok seg av dei minste. Men skulle barnedrifta balansere, måtte utgiftene haldast på minimum. På 17. mai-festen i 1939 fekk vi tre eldste ein appelsin på deling, ei minneverdig hending. Grannen med 7 søner laga eigenhendig så mange skipar med bindingar, og så mange skeiser, som ein kunne forvente det vart bruk for samtidig, og så kjelke.

Dei tidtnemnde 7 sønene på grannegarden” med foreldre og syster. Familien Fjellestad fotografert i 1957. Familiefoto i Anna Fjellestads eige.
Dei tidtnemnde 7 sønene på grannegarden med foreldre og syster. Familien Fjellestad fotografert i 1957. Familiefoto i Anna Fjellestads eige.

At barnekontoen balanserte, viste seg ved at krisa kom ikkje med aukande barnetal, men dersom og når alle ungane reiste vekk. Far kunne då knapt gå på arbeid. Men endå om han var heime, braut systemet saman. Éin mann åleine kunne umogeleg gjæte kyr og gjere alle dei operasjonane som før mest låg til ungane. Den nødvendige tilpassinga til få eller ingen ungar, og skuleplikt kvar dag, var: Lågteknologisk, nesten gratis barnearbeid, utført med hand, tollekniv, øks, sag, rive, stuttorv, sigd, lauvkniv, grev, hakke, spade og hest, vart utbytt med kapitalvarer, gjerdenetting, fôrhaustar og traktor. Men for at ikkje kapitalutgiftene skulle bli umogelege, trongst også ei drastisk forenkling. Ikkje berre vart gjetinga og stølsdrifta borte, men også kornet og potetene. No ligg Naustedalen grøn av berre gras. Nokre gardar har berre sau, andre 40 kyr. Fôrhaustar har alle, og arbeid i Førde. Dette er den store økonomiske endringa 1932–2012, i nær samanheng med færre fluger og fem centimeter lengre naustedølingar. Her kan nok barnearbeid forklåre eit par centimeter. For om sommaren, med same arbeidstid som dei vaksne, berre med den skilnaden at ungane bada i elva i den timen dei vaksne sov middag, vart truleg energiutlegget så stort, trass solid kost, at vekstenergien ikkje vart fullt utnytta?

Ei hovudsak gjennom 1000 år

Den økonomiske historieskrivinga har ikkje poengtert fast og klårt det som kanskje var hovudsaka i norsk historie i 1000 år: Barnedrifta var ei konstituerande hovudsak i det økonomiske og sosiale systemet, der 80–90 prosent av folket var mindre bønder med mange ungar. Totalsystemet braut saman med bortfallet av barnearbeidet; med andre fase av ”Den demografiske overgangen”. I Naustdal skjedde det mest etter krigen. Harald Hårfagres system varde i hovudsaka til då.

Barnedrifta vart ideologisert og kosmisert (avleia av det høgste). Skulen samarbeidde med småbrukarsystemet, ikkje berre med skuleplikt annankvar dag og med sommarferie som lenge omfatta alle vinnene (onnene). I Horstad skule song vi kanskje oftast denne songen av diktarpresten Anders Hovden, f. 1860 som småbrukarson i Ørsta:

Å Gud velsigne kvar og ein
Som lyfter av foreldri stein
Og deira byrder lettar!
Gud løne kvar ein liten kar
som gled seg ved å hjelpa far
og gjerne mor si mettar!

Høgre: Hilda Lunden (fødd 1901) med borna Dagunn (f.1928), Kåre (f. 1930) og Steinar (f. 1931). Foto: Ludvik Lunden 1933.
Høgre: Hilda Lunden (fødd 1901) med borna Dagunn (f.1928), Kåre (f. 1930) og Steinar (f. 1931). Foto: Ludvik Lunden 1933.

Kanskje bør slikt reknast for opium for folket, eller for småbrukarborn? Først bør ein likevel sjå korleis det strenge arbeidsregimet og den ideologiske/religiø­se indoktrineringa verka. I det gamle samfunnet var der stor skilnad på vinter og sommar. I 1930- og 40-åra gjekk der skispor, laga av ungar, på kryss og tvers over alle bøar. Vi bygde hopp overalt der det var råd; skipa sjølve til hopprenn, langrenn, kaninutstillingar, og på sommarsundagane friidrettsstemner og jonsokbryllaup. Dei vaksne blanda seg ikkje i dét. Storelva yrde av ungar på skeiser om vintrane, av makketrover (fiskestenger i gutehender) når elva voks i storregn om sommaren. I middagskvilda var der nok av ungehyl frå badeplassane. I 2012 ligg bøane kvite og stille, utan eit skispor; elva er stille både vinter og sommar, fiskar gjer utanbygds laksefiskarar. I 2012 deltek ungane i slike idrettskonkurransar som vaksne skipar til for dei, dei trenar når dei vert køyrde til hall eller bane av foreldra, og dei badar på Sanden når dei vert køyrde dit. Køyrde vert ungane også til skulen i sentrum. Men ein mann, fødd i 1908, sa for nokre år sidan: ”Eg forstår meg ikkje på ungdomen no for tida. Vi fôr opp Naustedalen to–tre gonger i heile skuletida, og vi kjende namna på kvar gard og kvar gardbrukar. No køyrer dei dalen opp og ned to gonger for dagen i 10 år, og dei kjenner mest ikkje namnet på éin gard.” Kanskje var ungane i 30-åra meir aktive deltakarar, no meir transporterte tilskodarar? Då var dei uunnverlege deltakarar i arbeidslivet, no ser dei på ”sosiale media” to til fire timar om dagen, fortel dei til Firda?

Korleis gjekk det med oss?

Korleis gjekk det i verda for generasjonen av 1930? For dei tidtnemnde 7 sønene på grannegarden slik: Ein vart sivilingeniør, ein sivilarkitekt, ein lækjar, ein
tannlækjar. Dei tre andre gjorde det kanskje økonomisk vel så skarpt, dei dreiv med bilverkstad, ein saman med heimegarden, eller sementstøyperi. Jenta, den eldste, som var tilleggsmor, utdanna seg sidan til sjukesyster pluss jordmor. Av oss 5 på næraste bruket fekk 40 prosent tittel av professor, kanskje ikkje så mykje å skryte av lenger, som svigermor mi sa ved eit visst høve: ”Allslags mennesker blir professorer i våre dager!” Heilt ille var det likevel ikkje. Nokolunde tilsvarande gjekk det med resten av denne generasjonen i Naustdal, då Gerhardsen etter krigen fekk vekk dei gamle stengslene. Når det gjekk så kjapt, hang det nok saman med at foreldregenerasjonen, dei frå 1900, vel var nokså fattige, isolert økonomisk sett, men dei vanta heilt dei andre internasjonale kriteria på fattigdom: kriminalitet, rusmisbruk og analfabetisme. – Alle husdører og syklar stod ulæste i 30-åra, ingenting vart vekke. Om haustane hadde tre sundagar fast program for fjortenåringane: Den første vart alle konfirmerte, den andre gjekk alle til alters, den tredje vart alle innskrivne i fråhaldslosjen, IOGT. Foreldra var interesserte i politikk, religion og anna slikt.

venstre: Jonsokbryllaup på Solhaugane i Naustdal 1939. Det var eit tradisjonelt innslag i midtsommarfeiringa at ungar agerte brudepar. Den krye brudgommen her er Kåre Lunden. Fotograf ukjent. Høgre: Hilda Lunden (fødd 1901) med borna Dagunn (f.1928), Kåre (f. 1930) og Steinar (f. 1931). Foto: Ludvik Lunden 1933.
venstre: Jonsokbryllaup på Solhaugane i Naustdal 1939. Det var eit tradisjonelt innslag i midtsommarfeiringa at ungar agerte brudepar. Den krye brudgommen her er Kåre Lunden. Fotograf ukjent.

Noko å lære av Naustdal?

Dersom nasjonale leiarar og norsk u-hjelp no fort vil få til allmenn velstand i land som Sudan, er det enkelt. Det er berre å skrue klokka attende 1000 år, kopiere den norske historia fram til eit slikt samfunn som Naustdal var i 1930-åra: sosial likskap, streng arbeidsdisiplin, høg folkeopplysning, ingen kriminalitet eller rusmisbruk. Ein viss patriotisme med felles nasjonal identitet som hemmar indre konfliktar, vil vere til god hjelp.

Læraren vår i Horstad gjorde det slik: Der var to store ulukker i norsk historie, sa han. Den første var at Harald Hardråde tapte slaget ved Stamford bru i 1066, den andre at Leiv Eirikssons etterkomarar let seg skræme av skrælingane til å forlate Vinland. Hadde ikkje dét skjedd, så kunne nordmenn no styrt både Det britiske imperiet (1930-åra) og USA. Og norsk ville hatt den stillinga som verdsspråk som engelsk har no. Det ville ha vore nynorsk, for danskane hadde ikkje hatt noko å stille opp mot ei slik makt.

Historikarar seier at det vi kan sjå er forandring gjennom tidene, men om der er framsteg kan ingen seie. I Naustdal er det sikkert at der var forandring 1932–2012. Om det var framsteg, er det mogeleg å dømme ulikt.


Kåre Lunden, fødd i Naustdal 1930, var professor emeritus i historie ved Universitetet i Oslo.

Denne teksten er del av samarbeidet mellom historieblogg.no og Lokalhistorisk magasin, og den er gjenbrukt med tillatelse. For å se teksten i sin opprinnelige skikk, se Lokalhistorisk magasin 2/2012.

Share

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published.

*