Hovedbygningen ved NTNU (Bricklayer, wikimedia commons)

Slutt på den metodologiske nasjonalismen – og så?

«Det siste eit fag oppdagar er kva det handlar om,» sa Marc Bloch.

Hausten 1966 debuterte eg som akademisk historielærar ved Norges Lærarhøgskule, Trondheim. Der var dei nett då opptekne med å lage ny studieplan for historie grunnfag. Hovudtanken var at den einskilde studenten no skulle studere det han var interessert i, presisert i planutkastet slik at «det kan være så mangt». Dette gjekk eg spontant og sterkt imot. Eg sa at til dømes Norges Landbrukshøgskule, som eg hadde mi største erfaring frå, umogeleg kunne leggje til grunn at landbruksfag skulle definerast av den einskilde nybegynnarstudenten. Kollegiet av dei sakkunnige, professorane, måtte seie kva faget gjekk ut på, og så fekk nybegynnaren «take it or leave it». Av ein som hadde eksamen i historie hovudfag frå året før, 1965, var det ikkje lite ambisiøst – eller uforstandig – å undervise kollegiet ved Lærarhøgskulen, leia av rektor Edvard Bull d.y., om kva historie måtte vere. Men eg laga eit paper om at allmenn historie, til skilnad frå bindestrekshistoriene, til den tid hadde fått identitet og integritet ved at hovudstomnen var politisk historie. Kriteriet for kva plass økonomisk, demografisk, kulturell og anna bindestrekshistorie skulle ha der, kunne då bli relevansen for den valde hovudsaka, politiske institusjonar og politisk liv. Slik måtte det forbli, sa eg, til nokon kom opp med ein positiv modell for allmenn historie som overtydde om at dén var å føretrekke.

Det eg heldt fram var det som seinare er kalla «metodologisk nasjonalisme», når den paradigmatiske politiske institusjonen var nasjonalstaten, realisert på 1800- og 1900-talet. Historia før år 1800 kunne då mest bli om framvoksteren av denne hovudinstitusjonen.

Det eg sa var alt anna enn nyskapande. Og det var søvngjengaraktig, sidan eg den gongen ikkje hadde vitskapsteoretisk innsikt utover eit magert hovudfagspensum i teori og metode. (Likevel kunne det vere ein viss særskild fordel i at eg hadde fullført høgre utdanning på to felt, landbruksfag og historie, med hovudoppgåve begge stadene.) I 2011 har eg litt meir røynsle. Men eg synest enno at det eg heldt fram fekk ei viss tyngde, nettopp ved at det representerte den konvensjonelle praksisen, røynsla i historia. Planutkastet til Bull og dei andre nytenkjarane fekk derimot eit visst lettvektarpreg, om det var erfarne menn som la det fram, just fordi det var så «nytt», frittsvevande i høve til den faghistoriske røynsla, og dessutan på ingen måte var klårt avgrensande. Til ros for Bull må seiast at han var så lite autoritær som planutkastet hans vitna om, så den vedtekne planen vart eit slags kompromiss mellom rektor og den nybegynnande høgskulelektoren.

Hovedbygningen ved NTNU (Bricklayer, wikimedia commons)

Det har gått innpå eit halvt hundreår sidan den vesle striden om grunnfagsordninga ved Norges Lærarhøgskule. Men situasjonen er i forbausande grad som den var i 1966. Nytenkjarane vil framleis ha bort «den metodologiske nasjonalismen» i historiefaget. Men dei er oftast ikkje mykje meir presise når det gjeld alternativa enn Bull var i 1966. Helst er dei mindre presise. For Bull hadde faktisk ein positiv kongstanke; historia skulle konsentrere seg om «mennesker uten makt». Det blir negasjonen av politisk historie, som ér om makt. Men det er så presist at det lett kan avvisast, i det minste. Ei hovudsak i tradisjonell historie er, med E. Hobsbawm, korleis «humanity developed from the earliest tool-using primates to the present». Då lyt historia handle om aktørar og institusjonar som har fått noko til å fungere, eller å forandre seg. Og dét må vere slike som har hatt makt, evna til å setje sitt igjennom, trass i motstand. – Lenin sa at seriøs politikk handlar om massane. Einskildmannen i massen er nok maktlaus; men den koordinerte massen er i marxismen den makta som sveiper all anna makt til side. Så Bull var lite marxistisk.

Med Hobsbawms hovudoppgåve for den allmenne historia, som eg anerkjenner, vil eg meine at den gamle kjernen, makttilhøva med hovudinstitusjon i staten, er den rette og bør stå ved lag. Dermed er ikkje sagt at alt bør vere uendra. Det viktigaste som står mykje klårare for historikarar – meg og dei fleste andre – i 2011 enn i 1966, kan framstillast slik: Eit hønseegg er ei svært enkel geometrisk form. Ein fotograf kan likevel lage hundre eller langt fleire ulike, men alle like korrekte bilete av egget, ved å forandre ørlite på synsvinkelen. Menneskelivet, som alltid er eit liv i samfunn, i Noreg gjennom 11 000 år, og globalt i ei mykje lengre tid, er sanneleg eit komplisert fenomen, jamført med den geometriske forma til eit hønseegg, i dette livet sine teknologiske, økonomiske, sosiale, politiske, etiske, rettslege, religiøse, estetiske, etc. aspekt. Kan der lagast hundre like sanne bilete av forma til eit hønseegg, kor mange ulike, men like sanne framstillingar av livet i Noreg eller globalt kan det då lagast ved at historikaren endrar litt på synsvinkelen? Sjølvsagt heilt bokstavleg eit uendeleg tal. (Dette inneber inga tilslutning til absurde, sjølvmotseiande, postmodernistiske påstandar om at språket har inga meining, eller at alle utsegner er like sanne.) «Synsvinkelen» ligg i ulike spørsmål, og særleg i den uendelege variasjonen i klassifiserande omgrep som kan veljast.

Dette inneber: Det er ikkje lenger mogeleg at den eine historikaren, på tradisjonell, empiristisk naiv vis seier til den andre, når begge har framstilt eit komplisert fenomen: Du har laga ein myte, men eg viser «hvordan det var i virkeligheten». – Sjølvsagt kan empiriske feilobservasjonar og logiske feilslutningar i det einskilde påvisast. Men dette er som regel ikkje poenget, eller treng i alle fall ikkje vere det.

Konsekvensane er at historikaren no på den eine sida har ein mykje større, eller i alle fall klårare innsett fridom til å velje sine synsvinklar og omgrep. Men på den andre sida har han ei desto større plikt til å velje medvite og uttrykkeleg, så både han sjølv og andre kan sjå kva han eigentleg driv med. Dette vil seie at i historikarutdanninga må der no leggjast mykje større vekt på metode og teoridanning, omgrepsval og logikk, enn den naive empirismen kunne sjå grunnlag for. (Då galdt det berre å sjå nøye på kjelda – alle kjelder – og så seie som sant var om det som då dukka opp av seg sjølv. «Det åpne sinn.») Spesielt lyt historikarane no slutte med alle dei logiske kategorifeil som svært ofte har lege bak historikarstridar. Det vil seie at dei tala om meir eller mindre ulike ting (kategoriar), men trudde at dei var reelt usamde. (Krondøme er «friheten i gave»-strid, der «frihet» er ulike ting for kombattantane.)

Eg skal velje berre eitt aktuelt døme på kva dette kan innebere. I debatt i Historisk Tidsskrift nyleg, mellom historikarane Knut Helle og Hans Jacob Orning,. er det identifisert ei vending i norsk historieforsking, særleg om eldre tid, som føregikk omkring 1970 – «den antropologiske vendinga». Kjernen i vendinga var at forskaren ikkje må bruk anakronistiske ord, klassifiserande omgrep. Talar kjelda eller forskaren sjølv om «lov», «rett», «religion», «Gud», «konge», «lensmann», «bonde», etc., så er det ope, det varierer med tid og kulturelle omstende, kva tydinga nærare er. Så historia, som antropologien, må heile tida vere eit meiningstolkande fag, ikkje ta meining for gitt. Sjølv er eg i den nemnde diskusjonen i Historisk Tidsskrift, særleg med ei bok frå 1972, gitt ei rolle i denne antropologiske vendinga. Den rolla vedkjenner eg meg med stor glede, for vendinga kom snarare for seint enn for tidleg. Likevel er det også nødvendig å sjå grensene for kva vendinga kan ha å seie. Ho kan spesielt ikkje gje noko rettleiing i problemet om kva eit fag «allmenn historie» substansielt bør handle om – at vekta skal liggje på økonomiske, politiske eller kulturelle emne. For det antropologiske tolkingskravet gjeld den logiske kategorien korleis, medan temavalet gjeld kategorien kva for noko. (Ei utsegn om kategorien form vert ikkje motsagd eller stadfest av ei utsegn om kategorien farge.) I den nyutkomne, firebands norgeshistoria frå Aschehoug skriv redaktøren Orning s. 7: Som eit ledd i den antropologiske meiningssøkinga «er fenomener som ære, følelser, folks fysiske arbeid og drømmer om det gode liv viet større plass denne gang enn fremveksten av politiske institusjoner og økonomiske strukturer». I samanheng med dette står også at verket no meir vil konsentrere seg om «såkalt ‘alminnelige’ mennesker enn om de store heltene». Dette nærmar seg litt logisk kategorifeil, å ikkje skilje «korleis» frå «kva». For politiske institusjonar og økonomiske strukturar består av menneske, i overordna eller underordna roller, som alle har følelsar og førestillingar om ære, draumar om det gode liv, etc. Institusjonane og strukturane kan ikkje skjønast utan den subjektive meiningssida. Så den antropologiske vendinga tilseier ikkje at vi bør studere bønder meir enn kongar, ho seier berre korleis vi bør studere alt menneskeleg. – I praksis handlar då også det nye verket heldigvis meir om politiske institusjonar og økonomiske strukturar enn redaksjonsinnleiinga kunne få ein til å vente.

Så mitt personlege syn, at historia framleis bør ha ein tematisk kjerne i makt, politikk og stat, er korkje i samsvar eller i strid med den antropologiske vendinga. Det kjem berre av mi oppfatning av kva som har bestemt, og gitt endringar, gjennom tidene. Når det gjeld korleis studiet av makt bør integrerast med studiet av økonomi, kultur etc., kan eg her berre ta oppatt det eg heldt fram i ein del arbeid for 30-40 år sidan: Samfunnsvitskapen har laga noko dei kallar systemteori for slik integrering. Den vil vere høgst aktuell, også for historieforskinga, no når det er definitivt på det reine at «empirigrubbing» i seg sjølv ikkje strekk til, så større metodisk, teoretisk raffinement no er både mogeleg og nødvendig.

Kåre Kunden er professor emeritus i historie ved Universitetet i Oslo

Share

1 Comment

  1. Det er vaskelig å være uenig i at hovedstammen i historieskrivingen hadde vært (og har vært?) politisk historie. Det er ikke like åpenbart hvorfor det bør forbli slik. Lunden gir heller ingen argumenter for at det bør være slik. Den politiske historiens primat blir dermed stående som et politisk eller et estetisk valg – et spørsmål om personlige preferanser. Mine preferanser tilsier at det også er mye annet interessant i historien enn «politiske institusjoner og politisk liv».

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published.

*

Siste fra 1900-tallet

Gå til begynnelsen