Kjønn og kirurgi

I dag får fleire enn nokon sinne kjønnsbekreftande behandling, både i Noreg og elles i verda. Etter lov om endring av juridisk kjønn av 1. juli 2016 har fleire hundre nordmenn fått endra sitt juridiske kjønn. Men korleis byrja det heile? Korleis fekk ein i Noreg ei spesialisert nasjonal behandlingsteneste for transseksualisme på byrjinga av 1980-talet? Historia om dette er lite kjent i den norske offentlegheita. Noko av det spesielle med den norske transhistoria er at inngrep som obligatorisk sterilisering aldri vart formelle retningslinjer eller lov, trass juridisk utgreiing. Kva var årsaka til dette?

Av Sigrid Sandal. 

Det tidlege 1900-talet var ein spanande periode for vitskap og medisin. Ei rekke vitskapar, slik som sexologi, psykiatri og psykokirurgi hadde si byrjing i denne perioden. Med oppdaginga av kjønnshormon og seinare kjønnskromosom byrja ein også å forstå kva som utgjer biologisk kjønn. Og forsøk på dyr med kjønnskjertlar og transplantasjonar gav viktig kunnskap om korleis desse organa fungerer for biologisk kjønn.

Den rådande førestillinga på denne tida var at dei to kjønna var komplementære, altså utfyllande motsetningar. Når ein etter kvart oppdaga at menn ikkje berre produserer testosteron, men også østrogen, og vice versa hjå kvinner, gav det ikkje nødvendigvis store sprekkar i den gamle forståinga av kjønn, men det opna for ei rekke nye spørsmål kring kva det er som konstituerer kjønn. Og ikkje minst, om det er mogleg å endre kjønnet i kroppen.

Trans- ?

Klikk for å lese heile boka

Dei omgrepa vi kjenner og brukar i dag er noko annleis enn for hundre år sidan. Då legen Magnus Hirschfeld fyrst byrja å studere menn som kledde seg som kvinner i Tyskland på 1900-1930-talet, kalla han dei for transvestittar. Boka hans, Die Transvestitten, frå 1910 er det fyrste medisinske verket som brukar omgrepet, som kjem frå gresk. Trans tyder «motsett» og vestis «å kle seg som».

Etter kvart oppdaga Hirschfeld, som studerte denne gruppa, at enkelte av desse ikkje berre ville kle seg som kvinner, men også ville vere kvinner – fullt og heilt. Desse vart etter kvart kalla genuine transvestittar. Seinare ville legar gjere skiljet mellom transvestittar og genuine transvestittar meir tydeleg, ettersom desse to gruppene skilte seg, og ein byrja då å bruke omgrepet transseksuell om sistnemnte.

Opphavet til dette omgrepet er det ikkje einigheit om kven som har æra for, men på engelsk vart det fyrst brukt av David Cauldwell i 1949.

I dag brukar ein ofte paraplyomgrep som transperson eller transkjønna for personar som er trans. Kva omgrep folk brukar om seg sjølv er ofte prega av politisk ståstad. Enkelte held fast på transseksuell-omgrepet, medan andre vil vekk frå diagnosesystemet og tokjønnsmodellen og kallar seg heller transperson eller trans. Transperson er truleg det mest inkluderande omgrepet.

Det store gjennombrotet

Christine Jorgensen i 1954. Foto: Wikimedia

I mellomkrigstida utførte fleire tyske legar forsøk med kjønnsskifteoperasjonar på menneske. Blant forsøkspersonane var Lili Elbe. Dessverre døydde Elbe av komplikasjonar etter forsøk på transplantasjon av livmor og konstruksjon av ytre kvinnelege kjønnsorgan. Noko av det særmerkte med Elbe  var at behandlinga berre omfatta kirurgi og ikkje hormonbehandling. Lili Elbe sitt liv er framstilt i filmen The Danish Girl frå 2015, med Eddie Redmayne i hovudrolla.

Det store gjennombrotet kom i 1952 med Christine Jørgensen Ho reiste som George Jørgensen frå New York til København for å få kjønnsskiftebehandling. Denne behandlinga bestod av fyrst hormonbehandling og sidan operasjonar. Desse var særs vellykka, og mediemerksemda som følgde hjelpte Christine Jørgensen til ei karriere som show-artist. Legane som opererte Jørgensen fekk fleire tusental med brev etter avisoppslaga, og blant desse var fleire brev frå nordmenn som også ynskte kjønnsskifte slik som Christine.

Operere eller ikkje operere?

Dei norske helsemyndigheitene la merke til breva til dei danske legane, og Norsk Dameblad sine artiklar om menn i kvinneklede i Noreg. Helsedirektør Karl Evang sette difor ned eit utval i 1955 som skulle utgreie moglegheiter for liknande behandling i Noreg. I utvalet sat fleire av dei fremste psykiatrane i landet som til dømes Gabriel Langfeldt. Dei gjekk gjennom internasjonal litteratur, gjennomførte studiar og la fram eit forslag til kriteria og metodar for behandling.

Helsedirektør Karl Evang i 1964. Foto: Oslo Museum via Wikimedia

Det er verdt å nemne at innstillinga til utvalet var delt. Eit fleirtal beståande av Per Anchersen, Gabriel Langfeldt og Nils Kinnerød ville gje behandling til transseksuelle i Noreg, etter strenge kriterium, medan mindretalet, Johan Bremer, tvilte på om kirurgi var løysinga på det han såg på som eit psykologisk problem. Allereie her var det strid i legestanden om kva transseksualisme var og kva som var riktig behandling.

Etter fleire utgreiingar, vurderingar frå Justisdepartementet og avklaring frå helsedirektøren sjølv, vart det tidleg på 1960-talet klart at den behandlande lege kunne gi hormonell og operativ behandling om dei fann medisinsk grunnlag for det. På dette tidspunktet hadde spørsmålet om kastrasjon og penisamputasjon blitt vurdert opp mot steriliseringslova av 1934 og opp mot føresegner i straffelova om grov skade. Å kirurgisk fjerne penis til dømes, utan ein medisinsk årsak, ville bli definert som grov skade på kropp og lekam, og såleis straffbart for ein lege å utføre. Dermed la Helsedirektoratet ansvaret på dei behandlande legane, og let det vere opp til dei å argumentere for det medisinske grunnlaget for behandlinga.

På dette tidspunktet var det i hovudsak Jørgen Hermann Vogt og Per Anchersen som utgreia og behandla trans-pasientar i Noreg. Dei vurderte sine pasientar strengt, og gjennomførte operasjonar i samarbeid med kirurgar på Rikshospitalet så tidleg som i 1963. Den gong måtte ein kunne utelukke andre sjukdomar eller sinnslidingar som årsak til ynskje om kjønnsskifte. Vurderingane bar også preg av å fylgje ein viss kjønnsestetikk. Anchersen og fleirtalet hadde allereie slått fast at det var viktig at mann-til-kvinne-pasientane hadde ein fysikk som tillét dei å sjå ut som ekte og naturlege kvinner etter operasjon. Grovlema, breie mannekroppar fekk avslag. På dette tidspunktet var ikkje ansiktskirurgi eller brystimplantat ein del av behandlingsopplegget. Operasjonane bestod i kastrasjon, penisamputasjon og konstruksjon av kvinnelege kjønnsorgan.

Nye utfordringar dukka opp etter kvart som pasientane vart utgreia, fekk hormonbehandling og operasjonar, nemleg endring av namn, juridisk status og ekteskap Då mykje av føremålet med behandlinga var å gi pasientane moglegheiter for å leve fulle liv med høg grad av sosial tilpassing i ei ny kjønnsrolle, vart særleg spørsmålet om endring av namn viktig. På dette tidspunktet eksisterte det ikkje reglar, lover eller faste prosedyrar for slike saker. Dei vart sende til Kyrkje- og undervisningsdepartementet, som tok seg av til dømes namneendringane. Det er usikkert kva dei fekk tilsendt av informasjon om transseksualisme og om dei faglege vurderingane som låg til grunn for behandlinga. Svaret var fyrste omgang at pasientane kunne ta eit kjønnsnøytralt fornamn medan dei var i kjønnsskifteprosessen og eit meir kjønna namn etter at dei kunne dokumentere at eit fullstendig kjønnsskifte hadde funne stad.

Faksimile fra VG 21.09.1968

Steriliseringskrav

Eit fullstendig kjønnsskifte innebar på dette tidspunktet at også kjønnskjertlane var fjerna. Det vil seie at ein mann-til-kvinne-pasient hadde fått fjerna testiklane og at ein kvinne-til-mann-pasient hadde fått fjerna eggstokkane sine. Dette vert kalla for irreversibel sterilisering og er eit litt anna inngrep enn sterilisering brukt som prevensjonsmiddel. Ved vanleg sterilisering fjernar ein ikkje kjertlane, men kutter over sæd- eller eggleiarane, slik at kjertlane framleis produserer dei hormona dei skal, men sikrar at befruktning ikkje kan finne stad. Etter ei irreversibel sterilisering kunne ein få legeerklæring som bekrefta at kjønnsskiftet var fullstendig. Berre då kunne ein få endra kjønnsstatusen sin i dei offentlege registera, altså juridisk kjønn.

Årsaka til at ein kravde irreversibel sterilisering, var at vanleg sterilisering, det inngrepet ein framleis brukar som prevensjonsmiddel, ikkje var nok. Vanleg sterilisering er i mange tilfelle reversibel, derfor skil ein mellom sterilisering og irreversibel sterilisering. Argumentasjonen vidare her var at ved vanleg sterilisering kunne risikere ein situasjon der ein mann vart gravid. På 1960-talet var tanken på menn som mødrer så kontroversielt  at norske helsemyndigheiter hevda det ville vore ein kalamitet, eit fatalt uhell, som kunne få alvorlege juridiske komplikasjonar og sette heile behandlingsprosedyren i miskreditt. Om det skandaløse skulle skje, at ein mann vart gravid, frykta dei at heile behandlingsopplegget komme i slik vanry at det ville opphøyra. Praksisen med irreversibel sterilisering vart likevel aldri formalisert, verken ved lov eller som offentlege retningslinjer. Sverige fekk ein eigen lovparagraf om juridiske endringar ved kjønnsskifte i 1972, men i Noreg tykte ein det best å lage minst mogleg oppstyr for ei svært lita pasientgruppe.

Formalisering

Når vi nærmar oss slutten av 1970-talet har det skjedd nokre vesentlege endringar kring skeive identitetar og homofili. Lovparagrafen som kriminaliserte homoseksualitet vart oppløyst i 1972, og i kjølvatnet av dette oppretta Oslo Helseråd ei rådgjevingsteneste for homofile i hovudstaden. Der dukka det også stadig opp personar med problem knytt til kjønnsidentitet og med ynskje om kjønnsskifte. Men rådgjevingstenesta visste ikkje kvar dei skulle vise desse personane vidare, for dei følte at dei ikkje sjølv hadde nok kompetanse til å gi eit godt tilbod.

Behandlinga av transseksuelle bestod på dette tidspunktet i eit uformelt samarbeid mellom legane Per Anchersen og Jørgen Hermann Vogt og kirurgar ved Rikshospitalet. Anchersen utgreia mann-til-kvinne-pasientar, medan Vogt hadde ansvaret for kvinne-til-mann-pasientar. Anchersen hadde eit samarbeid med kirurg Borchgrevink, som gjorde dei fleste av mann-til-kvinne-operasjonane.

Kritikken frå Rådgjevingstenesta for homofile gjekk på at tilbodet var uformelt og uoffisielt, samt vanskeleg å finne fram til. Få hadde kjennskap til at dette behandlingsopplegget eksisterte, og ein frykta difor at mange verken sjølve søkte hjelp eller fekk tilvising frå fastlegane. Rådgjevingstenesta byrja difor å utgreie for måtar å formalisere tilbodet med tanke på å samle og vidareutvikle kompetansen. Ein trengte blant anna nye fagpersonar til å drive tilbodet vidare når dei respektive behandlarane gjekk av med pensjon. Ein ynskja også å kvalitetssikre behandlinga og gi betre oppfølging både av pasientar, som kom gjennom nålauget for operasjonar, og av dei som av ulike grunnar måtte avvisast frå kirurgisk behandling.

Arkivmaterialet frå Helsedirektoratet er uklart på akkurat når eit formalisert tilbod til slutt kom på plass. Men på plass kom det. Det er framleis operativt og vi kjenner det som Seksjon for transseksualisme eller Nasjonal behandlingsteneste for transseksualisme ved Rikshospitalet. Dette er ei spesialisert og nasjonal behandlingsteneste, der pasientar får plass etter tilvising frå fastlege eller psykiatrisk helseteneste.

Nye utfordringar

I dag står behandlingstilbodet ved Rikshospitalet ovanfor nye utfordringar. Blant anna krev ikkje lova frå 2016 lenger irreversibel sterilisering som ein del av behandlinga, men tillét endring av juridisk kjønn ved søknad. Pasientgruppa er stadig aukande, men mange meiner behandlinga som Seksjon for transseksualisme tilbyr er for medisinsk og diagnoseprega. Ein stadig minkande del av den skeive rørsla og pasientgruppa deler seksjonen sitt syn på kjønnsroller og kva transseksualitet inneber. Dette skapar store diskusjonar, og seksjonen vert såleis utfordra fagleg. Dette får igjen politiske konsekvensar. Mellom anna diskuterast det om behandlingstilbodet skal leggast til helseregionane og ikkje lenger vere ei nasjonal teneste.

***

Sigrid Sandal fullførte mastergrad i Historie ved Universitetet i Bergen hausten 2017. Oppgåva har tittelen «En særlig trang til å ville forandre sitt kjønn» Kjønnsskiftebehandling i Norge 1952-1982. Denne artikkelen er basert på masteroppgåva som kan lesast i si heilheit på UiB sine nettsider.

***

Kjelder

Arkivmateriale:

  • RA/S-1286/D/Dc/L0611/0003.824 Sosialdepartementet, Helsedirektoratet, kontoret for psykiatri H4, serie Dc, eske 611, mappe 3- 824 «Trasseksualitet» (gamal nøkkel) Klausulert (80 år)
  • RA/S-4736/D/L0057/ 0002. Det sakkyndige råd i saker om seksualinngrep, sakarkiv, eske 57, mappe 2 «kjønnsskifte» 1961-1969 Klausulert (80 år)
  • RA/S-3212/B/Ba/L0056. Justisdepartementet, Lovavdelingen, arkivdel 1, serie Ba- kopibøker, kopibok for 1953.

Artiklar:

  • Norsk Dameblad.3.1953:7
  • Norsk Dameblad.5.1953:8.

Litteratur:

  • Hirschfeld, Magnus. (1910) Transvestites. The Erotic Drive to CrossDress. Oversatt frå tysk av Lombardi-Nash, Michael A. (1991) Prometheus Books. New York.
  • Jørgensen, Christine. (1967) Christine Jorgensen (A Personal Autobiography) Paul S. Eriksson. New York.
  • Weininger, Otto (1903) Sex and Character. An Investigation of Fundamental Principles. Oversatt frå tysk av Löb, Ladislaus (2005) Indiana University Press. Bloomington.
Share

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published.

*