Vitrail de la cathédrale Saint-Pierre-et-Saint-Paul de Troyes, bas-côté Sud, 13ème siècle. Partie nettoyée. Foto: Wikimedia commons.

Mellomalderteknologi

Av: Øystein Lydik Idsø Viken.

På sida Medievalists.net finn ein artiklar og videoar, bokmeldingar, podcastar, meddelingar om konferansar, bøker og musikk, læringsressursar, men òg informasjon om spel, reisemål og tv-program. Alt om mellomalderen. Nettsida er såleis ein omfattande database for dei som er interessert i mellomalder anten ein forskar, undervisar, eller er entusiast.

Her finst det med andre ord noko for ein kvar mellomaldersmak. Forskarar kan her finna informasjon om kommande seminar og konferansar, og lesa det nyaste på den internasjonale forskingsfronten. Historielærarar kan finna inspirasjon, forslag til lærarplanar og undervisningsvideoar. Generelt historieinteresserte kan finna ei mengd med interaktivt stoff om tida mellom antikken og renessansen.

Sidene lenker enkelt og effektivt til mange artiklar og avhandlingar, både flunkande nye og av eldre dato. Samlinga omfattar ulike tema, anten ein er interessert i alliansebygging hos Merovingarane eller klovnedoktorar. Det er ei overvekt av etablerte britiske forskarar. Spekteret er likevel ganske breitt, og ein finna bidrag frå fagpersonar frå Island til Etiopia.

Sidene oppdaterast relativt hyppig, avhengig av kva fane ein er interessert i. Der musikkbiten ikkje er den mest omfattande, blir den skjønnlitterære underkategorien pleia oftare. I den generelle artikkeldelen kan det bli lagt til fleirfaldige innlegg dagleg. Sidene for konferansar og seminar synest òg å vera relativt godt à jour. Det eigne nyhendearkivet er serleg interessant og eit mekka for mellomaldernerdar, med mellom anna sin eigen vesle nyhendekavalkade.

Medievalist er sjølvsagt òg på Twitter og Facebook, og har sin egen RSS-kanal. Skikkeleg høgteknologisk mellomalder!

Frå medievalists.net - 15. nov 2012

Øystein Lydik Idsø Viken er stipendiat ved universitetet i Oslo, med phd-prosjektet «Preikestolen som haldningsskapande medium i Noreg 1720–1814»

Share

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published.

*