Eine av okkupasjonane til MTST, -Rørsla for arbeidarar utan tak

Zumbi dos Palmares: Motstand, kamp og fridom i det koloniale og kontemporære Brasil.

Av: Vidar Fagerheim Kalsås

Takk Zumbi
Det sterke ropet frå Palmares
Som ble hørt over land, himmel og hav
Påverka avskaffelsen av slaveriet

Teksten over er eit vers frå ein av songane som sambaskulen Vila Isabel framførte, då dei i 1988 vant den årlege konkurransen mellom sambaskulene i Rio de Janeiro. Konkurransen består av at dei største sambaskulane i Rio presenterer ein parade beståande av dansarar, musikarar, og dekorerte flåtar. Alle paradane har eit eige tema og musikk som er komponert spesielt for årets parade. Denne konkurransen er ein sentral del av karnevalet i Rio de Janeiro og har sidan 1970-talet blitt direktesendt på TV og radio, noko som har gjort det til ei årleg nasjonal hending.

For framandfolk under karnevalet i 1988, så har songteksten truleg pirra nysgjerrigheita; kven var denne Zumbi? Kor er Palmares? Og kvifor syng ein om dette under ein karnevalsparade? I dette blogginnlegget ønskjer eg å utforske innhaldet i dette sangverset, samt kvifor det kan ha blitt framført under ein karnevalsparade i 1988.

Det koloniale Brasil 1600 – 1700: Sukker og slavar

Kart over Brasil fra 1719. Teikna av Nicolas De Fer.
Brasilkart fra 1719. Teikna av Nicolas De Fer.

For å utforskinge innhaldet i sangteksten, må vi tilbake det koloniale Brasil på 1600-talet. Dei første hundre åra etter at portugisaren Pedro Álvares Cabral ankom Brasil i 1500, var den nye kolonien relativt uinteressant for det portugisiske imperiet. Kolonien hadde ein spreidd folkesetnad, store avstandar og ingen openbare rikdomar å tilby portugisarane. Dette endra seg på slutten av 1500-talet, då portugisarane oppdaga potensialet for å byggje ut sukkerplantasjar nord-aust i landet. Klimaet i regionen passa godt til dyrking av sukkerrøyr og ved overgangen til 1600-talet var Brasil blitt den største leverandøren av sukker til Europa.1 Prosessen med å hauste inn og raffinere sukkeret var samstundes svært arbeidskrevjande og skapte ei utfordring for kolonistane.

Folkegruppene som levde i Brasil var blitt redusert av Europeiske epidemiar og dekte ikkje trongen for arbeidskraft innan sukkerproduksjonen. Løysinga blei dermed å importere slavar. På 1500-talet importerte portugisarane først og fremst slavar frå Afrika sin vestkyst, i og rundt det som i dag utgjør Guinea-Bissau. Med grunnlegginga av Luanda i 1576, blei slavehandel frå Kongo og Angola gradvis viktigare. Auka etterspurnad etter sukker i Europa førte til auka etterspurnad etter slavar i Brasil og til ein kraftig auke i slavehandelen på 1600-talet.2

Studerer ein den transatlantiske slavehandelen med eit økonomisk perspektiv, vil ein kunne undersøke kva interesser og strukturar som opprettheldt slavehandelen mellom kontinenta i over 350 år. Dette er ein viktig aspekt, men eit slikt perspektiv gir oss samstundes ikkje kunnskap om erfaringane til dei menneska som blei selt og behandla som varer. For å utforske dette, og for å fortolke sangteksten, er det meir relevant å spørje kva former for motstand som var mogeleg for menneske som levde som slavar i det koloniale Brasil. Man kan tenkje seg ei rekke mogelege strategiar for motstand; frå det individuelle til det kollektive og frå passiv til aktiv motstand. For å undersøkje sangteksten er det derimot ein form for motstand som er av særskilt interesse; samfunn skapt av rømte slavar, som i Brasil er kjent under nemninga Quilombo.

Quilombo dos Palmares

Sangteksten nemner ein bestemt quilombo, Palmares, som var det største og mest langvarige samfunnet av rømte slavar som eksisterte i Brasil. Samfunnet eksisterte 120 kilometer frå kysten i det som utgjorde den koloniale regionen Pernambuco og som i dag er ein del av delstaten Alagoas, nord-aust i Brasil. Topografien i området, med høge fjell og tett skog, gav Palmares eit naturleg vern mot inntrengarar. Namnet Palmares stammer frå dei mange palmetrea ein finn i området.3

Kva tid dette samfunnet blei danna er usikkert, men det er første gang nemnt i ei kjelde frå 1597. Alt i 1602 sendte generalguvernør i Brasil, Diogo Botelho, ein ekspedisjonen for å destruere Palmares.4 Det blei gjennom dei påfølgjande 30åra sendt mange slike ekspedisjonar, men utan større suksess. Dei portugisiske ekspedisjonane tok slutt då hollendarane okkuperte nord-austlege Brasil i 1630. Den påfølgjande perioden med krig mellom Portugal og Nederland skapte ustabile forhold i Pernambuco og førte til at fleire slavar rømte og etablerte seg i Palmares. Perioden med nederlandsk kolonisering i Brasil, mellom 1630 til 1654, var også perioden med størst vekst i Palmares sitt folketal. Noko eksakte tal har ein samstundes ikkje og estimata varierer frå 11000 til 30000.

Det er i grunnen lite ein veit sikkert om Palmares, då det ikkje finst skriftlege kjelder frå menneska som levde i samfunnet. Det meste av kjeldematerialet stammer frå portugisiske og nederlandske militære ekspedisjonar, der målet var å øydelegge samfunnet.5 Det man veit er at det var eit samfunn som spreidde seg vidt utover i ulike landsbyer og som hadde ein variert og kompleks økonomi. Den største byen, Macaco, fungerte som det politiske og administrative sentrum og var der den overordna leiaren for Palmares hadde sin bustad. Macaco skal ha hatt eit innbyggjartal på rundt 5000 fordelt på 2000 hus, med ein beskytande palisade og forskansingar rundt byen.6 Byen skal også ha hatt eit kapell med statuer av Jesus og katolske helgenar. Det er vanskeleg å seie noko sikkert om religionsutøvinga, men kapellet kan tyde på at det har eksistert ein kreolisert religiøs praksis der katolisismen var eit viktig element.

Det eksisterte også handelsforbindelsar mellom Palmares og kolonistar i nærområdet. Handelen skal ha vore så lukrativ at mange kolonistar i Pernambuco ønska ein fredelig sameksistens.7 Haldninga til kolonistyret låg derimot fast på at Palmares representerte ein trussel for kolonien sin økonomi, som var forankra i sukkerindustrien. Denne haldninga blei forsterka av ein utbreidd praksis i quilomboen; Å angripe sukkerplantasjar for å få med seg nye medlemer til samfunnet. Denne praksisen blei haldt ved like ved at slavane ein fekk med seg under eit raid, behaldt sin status som slave inntil dei sjølv deltok i raid og brakte med seg nye slavar. For plantasjeeigarane utgjorde dette både ein økonomisk byrde og ein trussel. Som svar på dette organiserte enkelte plantasjeeigarar private styrkar som gjennomførte straffeekspedisjonar mot Palmares. Desse angrepa var langt mindre enn kolonistyret sine ekspedisjonar og hadde først og fremst som mål å fange tilbake slavar til plantasjane.8

Zumbi: Krigar, konge og martyr.

Zumbistatuen i Rio de Janeiro. Foto: Vidar Kalsås.
Zumbistatuen i Rio de Janeiro. Foto: Vidar Kalsås.

Etter at portugisarane vann at kontrollen over nord-aust Brasil frå nederlendarane, var det på ny Palmares som blei sett på som den største trusselen mot portugisiske interesser i regionen. Frå 1654 og 1678 blei det sendt minst 20 ekspedisjonar med mål om å øydelege samfunnet. Sjølv om ekspedisjonane ofte påførte skadar på enkelte landsbyar, var dei langt unna målet om ein total destruksjon av samfunnet. Det er samstundes i denne perioden, under Palmares sin kamp for overlevelse mot eit auka antall portugisiske ekspedisjonar, at eit anna element frå sangteksten dukkar opp i forteljinga. Ifølge brev skrivne av presten Antônio Melo, skal ein portugisisk ekspedisjon i 1655 ha fanga eit gutebarn i Palmares, som dei overlet i forvaring hos Melo. Guten blei døypt med namnet Francisco og fekk undervisning i portugisisk og latin av Melo. I ein alder av 15 skal han så ha rømt tilbake til Palmares. Francisco dukkar på ny opp i portugisiske kjelder på sluten av 1670-talet, men da kjent under namnet Zumbi, general over Palmares sin forsvarshær.9

Zumbi spilte ein heilt sentral rolle i det vidare hendingsforløpet. I 1678 inngikk Ganga-Zumba, den sittande leiaren for Palmares, ein fredsavtale med portugisarane. Palmares blei anerkjent som eit autonomt område, men alle nye slavar som ankom skulle sendast tilbake til plantasjane dei hadde rømt frå. Denne avtalen førte til daninga av ein opposisjon mot Ganga-Zumba sitt styre. Fraksjonen, som var leia av Zumbi, haldt fast på ei aggressiv linje mot portugisarane. Den interne maktkampen enda i 1680 med at Ganga-Zumba blei forgifta og Zumbi tok over makta i Palmares. Dermed blei også konflikta mellom Palmares og det portugisiske kolonistyret på nytt tatt opp.

Den langvarige konflikta mot Palmares gjorde det tydeleg at guvernøren og kolonistyret i Pernambouco ikkje var i stand til å overvinne Palmares på eigahand. Det førte til at guvernøren, João da Cunha Souto Maior, leide inn bandeirante Domingo Jorge Velho frå São Paulo. Bandeirantes var namnet på ekspedisjonsleiarar som på 1600-talet utforska innlandet i Brasil på leiting etter resursar og innfødde. Velho leia ein irregulær styrke, men med soldatar som var godt trent til kamp i ulendt terreng. Det første angrepet i 1692 blei likevel mislykka for Velho som blei tvungen til å trekkje seg tilbake. Med ein forsterka styrke av tropper frå Pernambouco blei det gjort eit nytt angrep i 1693, som til slutt nådde forskansingane rundt Macaco. Ved å beleire byen og byggje eigne forskansingar for sitt artilleri, klarte Velho etter tjue dagar å bryte gjennom forsvarsverka rundt Macaco. 500 palmarere mistet livet og 500 blei tatt til fange i det påfølgjande slaget.10

Velho sitt angrep la byen Macaco i ruiner, og var i praksis slutten på Palmares. Zumbi hadde derimot klart å unnslippe Velhos sine styrkar under slaget og haldt med ei lita gruppe soldatar fram kampen mot portugisarane. Dette førte til at det i Pernambouco florerte eit rykte om at Zumbi var udødeleg. Først eit år etter slaget om Macaco blei hans opphaldsstad avslørt og han blei drepen i eit bakhaldsangrep den 20.november 1695. Hans hovud blei frakta til Recife og vist fram for offentlegheita som bevis på hans død.11

Zumbi og Palmares som historie, myte og symbol

Historia om Palmares og Zumbi kan på den eine sida lesast som ei forteljing om nederlag i møte med ei nådelaus overmakt. Men den kan også lesast som ei forteljing om motstand og kamp, der Zumbi representerer ei kompromisslaus linje mot slavesamfunnet. Sangteksten er i så måte eit tydeleg utrykk for den siste fortolkinga av denne historia.

Fra Nasjonal museet i Rio. Foto: Vidar Kalsås.
Fra Nasjonalmuseet i Rio. Foto: Vidar Kalsås.

Den siste linja i sangteksten, «som påverka avskaffelsen av slaveriet», er ein høgst tvilsam påstand i eit historiefagleg perspektiv. Det er ingen direkte link mellom det samfunnet som Palmares representerte og den politiske prosessen som i 1888 førte fram til avskaffelsen av slaveriet i Brasil. Setninga viser derimot korleis historia om Zumbi har blitt fortolka i det kollektive minnet i Brasil; som eit sentralt symbol på motstand i den langvarige kamp mot slaveriet og for fridom. Slike symbolske tydingar av historiske personar spring ikkje berre ut frå deira handlingar i fortida, men også frå samtida sine fortolkingar og gjenforteljingar av dei fortidige handlingane.

I så måte er det nokre trekk ved moderne brasiliansk historie som kan kaste ljos over den symbolske posisjonen som Zumbi i dag har. Eit viktig aspekt er den moderne afro-brasilianske rørsla, som vaks fram frå slutten av 1960-talet. Det var først og fremst aktørar med tilknyting til denne rørsla som henta fram historia om Palmares og Zumbi og som etter kvart skapte ei rekke populariserte framstillingar av hendingane.12 Det manglande kjeldematerialet frå Palmares ser ikkje ut til å ha vore noko hinder for populariseringa av denne historia, men derimot opna eit rom for ulike litterære fortolkingar og framstillingar av Zumbi og Palmares. For den afro-brasilianske rørsla blei historia om Palmares ein måte å illustrere den afrikanske innverknaden på brasiliansk historie, samstundes som Zumbi kunne konstruerast som eit symbol på motstand og kamp.

Den afro-brasilianske rørsla vaks fram under det brasilianske militærdiktaturet, som utover 1970-talet blei gradvis meir undertrykkjande. I denne konteksten kunne Zumbi som symbol på motstand mobiliserast som motstand mot regimet. Særskilt blant radikale på venstresida byrja ein å fortolke historia om Zumbi i eit marxistisk rammeverk, der Zumbi blei forstått som ein revolusjonær leder for den tids undertrykte klasse.13

Endringane i Brasil frå slutten av 1980-talet har samstundes ført til at Zumbi også har blitt anerkjent av styresmaktene og allment akseptert som ein del av brasiliansk historie. At Zumbi og Palmares blei henta fram under karnevalet i 1988, kan også tolkast som eit utrykk for at denne historia hadde fått nasjonal tyding. Den 20 november, dagen for Zumbi sin død, blei i 1995 erklært som den nasjonale dagen for medvite om afro-brasiliansk kultur i Brasil. Det er også reist ei rekke monument over Zumbi og deler av området som utgjorde Palmares er i dag ein minnestad over samfunnet.

Ein av okkupasjonane til MTST, - Rørsla for arbeidarar utan tak
Ein av okkupasjonane til MTST, -Rørsla for arbeidarar utan tak

At Zumbi i dag er blitt nasjonalt anerkjend som ein sentral person i brasiliansk historie ser samstundes ikkje ut til å minske den aktive bruken av han i ulike politiske kontekstar. Det eksisterer fleire eksempel på dette, men eg vil avgrense det til å ta eit kort blikk på organisasjonen Movimento dos Trabalhadores Sem-Teto, MTST (Rørsla for arbeidere utan tak). Denne organisasjonen arbeidar for retten til bustad i urbane områder og organiserer heimlause til å okkupere tomme bygningar og landområder. Dei heimlause tar så i bruk desse områda til å skape seg ein bustad. Dei fleste okkupasjonane har endt med at styresmaktene etter ei tid har slege ned okkupasjonane med politimakt. MTST har nytta Zumbi som eit aktivt symbol på deira kamp for bustad, blant anna ved å gi enkelte okkupasjonar namnet «Zumbi dos Palmares». Den historiske referansen gjer det tydeleg korleis organisasjonen ser sin eigen kamp: Ein rettferdig kamp mot ei undertrykkjande overmakt. Okkupasjonane er på same måte som Palmares var det, samfunn som eksisterer under konstant kamp for overleva. For MTST har referansen til Zumbi blitt nytta både for å rettferdiggjøre sin eigen kamp og for å mobilisere stønad for deira prosjekt. MTST er berre eit eksempel av fleire på korleis Zumbi framleis er eit sterkt historisk symbol som kan mobiliserast som eit utrykk for motstand i ulike politiske kontekstar.

Avslutting

Dette blogginnlegget byrja med å sitere eit vers frå sambaskulen Vila Isabel sin karnevalsparade i 1988. Som vi har sett så refererer verset til ei interessant og spannande historie frå det koloniale Brasil, ei historie som tydeleggjerd at slavane i det koloniserte Amerika også var aktørar som forsøkte å forme den verda dei levde innan. Framføringa av dette verset under karnevalet i 1988, illustrerer at historia om Zumbi og Palmares har fått nasjonal verdi og anerkjening i Brasil. Det viser også at det er ei bestemt fortolking av historia som dominerer, der Zumbi har blitt eit symbol på motstand og kamp mot undertrykking og ufridom. Dette gjer Zumbi til eit svært anvendbart historisk symbol som kan mobiliserast i politiske kontekstar der motstand mot undertrykking står sentralt.


Vidar Fagerheim Kalsås er Master i historie frå Universitetet i Bergen frå 2011. For tida er han lektor ved Os Gymnas og universitetslektor ved UiB.

Litteratur

  • Anderson, Robert Nelson. (1996). The Quilombo of Palmares: A New Overview of a Maroon State in Seventeenth-Century Brazil, Journal of Latin American Studies, Vol. 28, No. 3.
  • Diggs, Irene. (1953). Zumbi and the Republic of Os Palmares. Phylon, Vol 14, No. 1.
  • Fogel, Robert William. (1989). Without consent or contract: the rise and fall of American slavery. New York: Norton.
  • França, Jean Marcel Carvalho & Ferreira, Ricardo Alexandre. (2012). Três Vezes Zumbi – A Construção de um Herói Brasileiro. São Paulo: Três Estrelas.
  • Gomes, Flávio Dos Santos. (2011). De Olho em Zumbi dos Palmares: Histórias, símbolos e memória social. São Paulo: Claro Enigma.
  • Kent, R. K (1965). Palmares: An African State in Brazil. The Journal of African History, Vol. 6, No. 2.
  • Schwartz, Stuart B. (1985). Sugar plantations in the formation of Brazilian society: Bahia, 1550-1835. Cambridge: Cambridge University Press.

  1. R. W. Fogel 1989: 211.  

  2. S. B. Schwartz 1985: 339-340.  

  3. F. S. Gomes 2011: 13.  

  4. Ibid: 17.  

  5. R. N Anderson 1996: 547.  

  6. I. Diggs 1953: 65.  

  7. R. N Anderson 1996: 552.  

  8. R. K. Kent 1965: 170.  

  9. R. N Anderson 1996: 560.  

  10. Ibid: 563.  

  11. Ibid: 564.  

  12. F. S. Gomes 2011: 86 -87 & 91-92.  

  13. J. M. C. França & R. A. Ferreira 2012: 108-112.  

Share

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published.

*