Eilif Pedersens "Udvandrere på Larsens Plads" fra 1890. Iscenesetter emmigrasjon fra Danmark.

Korleis skal ein lese norsk utvandringshistorie?

Melding av: Nils Olav Østrem
Norsk utvandringshistorie
2. utgåve. Oslo: Samlaget , 2014
Meldt av: Øyvind T. Gulliksen.

Nils Olav Østrems bok Norsk utvandringshistorie har kome i ny utgåve. Boka handlar ikkje om detaljar i norsk utvandring. Det er bra. Vi treng ikkje forteljinga om Cleng Peerson enno ein gong. Det er ei bok om norsk utvandringshistorie, fokusert på måtar å tolke utvandringa frå Noreg på. Østrem inviterer lesaren til å tenkje historiografisk om utvandringa. Han går gjennom klassikarane i feltet og viser til utvikling og metodar. Det gjeld så å seie berre utvandringa til Nord-Amerika, og dette geografisk målet for utvandringa kunne godt ha stått i tittelen, for det er det boka tek opp til drøfting.

utvomslagØstrem nemner først det han kallar Semmingsen-skolen, etter Ingrid Semmingsens (1910–1995) store studie Veien mot vest, bind I og II (1941 og 1950). Østrem meiner, med rette, at dette framleis står som «hovudverket om norsk utvandring til Nord-Amerika». Alle som vil sette seg inn i norsk utvandringshistorie til Nord-Amerika, må lese dette verket. Semmingsen var professor i historie ved Universitetet i Oslo. Ho representerte det vi kan kalle for «Oslo-skolen» i granskinga av norsk utvandring.

Østrem gir eit godt oversyn over forskingshistoria i feltet etter Semmingsen, utan at han nemner fleire skoleretningar med namn. Det er kan hende mest nærliggjande å kalle andre måtar å lese norsk utvandring på for «Midtvest-skolen», «Bergen-skolen», «Vesterheim-skolen» og «Stavanger-skolen»? Alle legg vekt på ulike tema. Østrem nyttar altså ikkje disse termane, men vi kan godt bruke boka hans til å poengtere fem ulike skolar i norsk utvandringshistorie. Skoleretningane er ikkje meint som absolutte boksar. Ein forskar kan høyre heime i fleire av desse. Ein amerikansk forskar i feltet kan gjerne høre heime i «Bergen- skolen».

Østrem er god til å få fram nyansar. Semmingsen-skolen la vekt på utvandringa, på emigrasjonen, på den norske kulturen dei utvandra frå. Ho og andre har vist til økonomiske, religiøse og politiske årsakar til at folk reiste frå Noreg til Midtvesten. Semmingsen var tydeleg inspirert av det første bindet i utvandringshistoria til Theodore C. Blegen (1891–1969), Norwegian Migration to America, 1825–1860, utgitt i 1931. Innafor denne skolen har det seinare kome ei mengd detaljstudiar av utvandring frå ulike deler av Noreg. Østrem nemner, igjen med rette, Anders Svalestuens bok om utvandringa frå Tinn i Telemark (1972) som «ei mønsterdannande» studie av dette slaget. Mykje av forskinga her er publisert å norsk, med tanke på norske lesarar.

Samtidig har amerikanske forskarar med norsk utvandring som spesialområde lagt mest vekt på at dei som drog frå Noreg var innvandrarar. Fokus for denne forskinga har vore immigrasjonen, altså integreringa i det nordamerikanske samfunnet. Det går fram av det andre bindet av Theodore C. Blegens store verk, Norwegian Migration to America: The American Transition (1940). Han ga også ut ei samling med Amerikabrev, Land of Their Choice: The Immigrants Write Home (1955), der han tolka Amerikabreva som det han kalla «grass root history», og han las breva som døme på hovudtrekk i amerikansk innvandringshistorie.

Arven frå Blegen er seinare teke opp av fleire amerikanske forskarar, særleg – slik Østrem nemner – av Jon Gjerde (1953–2008) og Odd S. Lovoll. Av Lovoll sin store og solide produksjon kan boka hans om norske immigrantar i Chicago, A Century of Urban Life (1988) framhevast som kan hende den beste av dei alle. Innanfor denne skolen har ein og lagt stor vekt på norsk innvandring til små og store byar i Midtvesten, ikkje berre jordbruks-innvandringa. Østrem har elles rett i at historia om norsk innvandring i stor grad var «ei bondeforteling». Dei som kom frå Noreg var knytta til jordbruk (meir og i lengre tid) enn andre innvandrargrupper i USA på 1800-talet. Professor Odd S. Lovoll er no den mest sentrale forskaren i «Midtvest-skolen».

Begge desse skoleretningane er prega av faghistorikarar med undervisning i historie som sitt akademiske arbeid. Men både i Noreg og i USA har det og utvikla seg ei interesse omkring norsk-amerikansk immigrantkultur i vidare forstand, blant dei som underviser i «American Studies». Sentralt her står Orm Øverland, no professor emeritus ved Universitet i Bergen. Med si store bok om norsk-amerikansk litteratur, The Western Home (1996) og med sine samlingar av amerikabrev i fleire bind, både på norsk og i engelsk omsetting, har han styrka norsk utvandringshistorie som teksthistorie. Amerikabrev er, som Østrem peikar på, ei viktig kjelde for historikarar, men Øverland og andre har vist at desse breva er meir enn historiske kjelder. Dei utgjør ein litterær sjanger i seg sjølv, med kjente språklege og litterære trekk. I det første bindet av amerikabrev i engelsk omsetting, From America to Norway: Norwegian-American Immigrant letters. Volume One: 1838–1870 (2012), skriv han om desse breva som sjanger og om «the ethics of reading immigrant letters (38). Det er nytt. Øverland er den fremste representant for «Bergen-skolen» i norsk utvandringshistorie.

«Vesterheim-skolen» har fokus på norsk-amerikansk historie rundt kunst, folkekunst og materiell kultur, ofte basert på samlinga ved Vesterheim, det norsk-amerikanske museet i Decorah, Iowa. Marion Nelson (1924–2000) var den store inspiratoren i dette feltet, særlig gjennom boka Material Culture and People’s Art among Norwegians in America, ei bok han redigerte i 1994, men som Østrem diverre ikkje nemner. Kurator Laurann Gilbertson ved Vesterheim har tatt opp denne arven med nye studiar i norsk-amerikansk kvinnehistorie, særleg innafor handarbeid, klede, veving og anna tekstilhistorie.

Til slutt kjem «Stavanger-skolen». Østrem er knytta til Universitetet i Stavanger. Boka hans er eit døme på, og eit resultat av, det fagmiljøet som i dag fins i Stavanger. På sett og vis er vi da komne geografisk tilbake til utgangspunktet for utvandringa frå Noreg, til sluppen «Restauration», som i 1825 drog ut frå Stavanger med 52 menneske om bord. Østrem og andre har fokusert på Rogaland som utvandringsfylke. Avhandlinga hans, Utvandrarkultur. Ei migrasjonshistorisk undersøking av Skjold prestegjeld 1837–1914 er eit godt døme på det. Men det verkeleg nye ved «Stavanger-skolen» er at dei taler ikkje så mykje om inn- eller utvandring, men mest om migrasjon og nyare migrasjonsteori, og med større bredde enn før. Dei har studietilbod og forskarforum i «Migration and Intercultural Relations». Det internasjonale er knytta til det lokale.

Det blir skrivi mykje underleg om norsk utvandringshistorie. Østrems bok kan lesast til oppklåring. Det er ei god og nyttig innføring i emnet.


Øyvind T. Gulliksen er professor emeritus, – for tida ved Luther College, Iowa.

Eilif Pedersens "Udvandrere på Larsens Plads" fra 1890 iscenesetter emmigrasjon fra Danmark.
Eilif Pedersens «Udvandrere på Larsens Plads» fra 1890. Iscenesetter emmigrasjon fra Danmark.
Share

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published.

*