Bilde fra Tysk Wikipedia.

Romanaktig om den ukjende kvinna bak fredsprisen

kvinnen bak fredsprisen
Bokas forside – Cappelen Damm.

Anne Synnøve Simensen: Kvinnen bak fredsprisen. Cappelen damm, Oslo 2012.
Meldt av: Mari Torsdotter Hauge

Den 18. april i 1906 stod baronesse Bertha von Suttner frå Böhmen (dagens Tsjekkia) på podiet i den lysande konsertsalen til brørne Hals i Storgata i Kristiania, ikledd svart kjole med eit intenst grep om publikum, og tok imot Nobels fredspris. Det var diktarhøvdingen Bjørnstjerne Bjørnson som introduserte henne for festsalen. Han understreka den store innverknaden hennar på fredsrørsla, han trekte fram romanen hennar Farvel til våpnene, og korleis ho hadde kjempa fredskampen alt som ung, i eit av dei mest militariserte landa i Europa.

«Hun hadde publikum i sin hånd fra første stund. I talen ga hun Alfred Nobel sin fulle anerkjennelse for den betydningen han har hatt for fredsbevegelsens arbeid,» skriv Anne Synnøve Simensen i boka Kvinnen bak fredsprisen. Historien om Bertha von Suttner og Alfred Nobel (s. 238). Men Bertha von Suttner hadde sjølv ei viktig rolle å spela både for fredsrørsla, og for at fredsprisen, den mest prestisjefulle prisen i verda, faktisk vart til. Men i dag, 99 år seinare, er ho så godt som gløymd. Den austerrikske baronessa var også den første kvinna, og den første austerrikaren, til å bli tildelt Nobels fredspris, men historia om henne er det få som kjenner. Difor er boka til Simensen eit fint bidrag til allmennkunnskapen om fredsrørsla.

Åtte dagar hjå Alfred Nobel

Då fredsprisvinnaren steig av eit tog i Paris for å møta sin nye arbeidsgjevar, Alfred Nobel, heitte ho Bertha Kinsky, var 32 år gammal og ugift. Ho skulle vera sekretær for den vellukka forretningsmannen som hadde funne opp dynamitten og skapt seg eit imperium, og dessutan «holde overoppsynet med hans hus» (s 9). Bak seg hadde ho fleire mislukka trulovingar og eit audmjukande forsøk på å bli operasongar.

Arbeidsforholdet varte ikkje lenge. Året etter var den seinare nobelprisvinnaren gift med ingeniøren og forfattaren Arthur von Suttner, som ho hadde vore guvernante for i Wien. Åtte år gjekk utan at det var nokon kontakt mellom Nobel og baronesse von Suttner, men då ho skreiv og gav ut den første boka si, En sjels inventarium i 1883, sende ho eit eksemplar til Nobel, som var begeistra. «Jeg er fremdeles under fortryllelsen av din vidunderlige bok,» skreiv Nobel tilbake, «vennligst motta min ærbødige hyllest og aller dypeste hengivenhet som inspireres av et minne og en beundring som er uforglemmelig og uutslettelig» (s. 71-72). Dei neste åra reiste ho Europa rundt med ektemannen Arthur, gjekk i salongane i Paris og møtte tidas intellektuelle og den nystarta fredsrørsla.

I 1889 var ho ferdig med Ned med våpnene (Die Waffen Nieder 1889), anti-krigsromanen ho skreiv fordi ho ynskja å gjera noko for den nye fredsrørsla (s. 114). I romanen skildra ho krigsherjingar med blod og detaljrikdom som knapt nokon hadde gjort før. Sjølv om ho hadde vanskar med å få boka utgitt, vart ho etter kvart ein suksess, med hjelp av rosande omtaler frå filosofen Bartolomeus von Carneris, og frå den austerrikske finansministeren Dunajevsky, som trekte fram Ned med våpnene under ein tale i parlamentet (s. 124). Leo Tolstoj meinte boka var like viktig for fredsrørsla som Harriet Beecher Stowes roman Onkel Toms hytte for kampen mot slaveriet (s. 125). Seinare skulle ho sjølv få ei av hovudrollene i rørsla, som grunnleggjar av det austerrikske fredsforbundet (s. 154).

Nobels nekrolog

Alfred Nobel var også begeistra for Ned med våpnene, men var i ein svært nedtrykt periode i livet då ho kom ut. Året før var broren hans, Ludvig blitt alvorleg sjuk, og 12. april 1888 døydde han. Nobel tok dødsfallet tungt, og verre vart det då Le Figaro og fleire andre aviser forveksla dei to brørne og trykte ein nekrolog om Alfred Nobel, som stilte dynamittoppfinnaren i eit svært dårleg lys (s. 131). Denne nekrologen er med i dei fleste forteljingane om korleis fredsprisen vart til. Nobel braut saman og kjende det som han ikkje hadde bidrege med noko verdifullt til verda, og testamenterte difor vekk formuen sin til dei som til ei kvar tid hadde gjort ein framståande innsats for framsteget gjennom fem prisar. Simensen utvidar dette biletet, og viser korleis Nobel var orientert om og interessert i fredsrørsla også før 1888, og at det skjedde ei langsam utvikling i synspunkta hans fram til det tredje og siste testamentet vart underskrive i den svensk-norske foreininga i Paris 27. november 1895 (s. 221).

For blomstrande

Kvinnen bak fredsprisen tek ikkje sikte på å presentera ny historisk forsking for eit akademisk publikum. Det kjem ikkje fram noko nytt, styrken ligg snarare i at fleire forteljingar og innfallsvinklar er samla i eitt verk, på norsk. Til tider ber boka preg av eit litt for stort ynskje om å få med «alt», og forteljingane og personane blir kanskje litt vel mange til at det er enkelt å halda styr på – til tider går det også ut over kronologien.

Målet med boka synest å vera å gjera forteljinga meir kjend for eit allment publikum, og Kvinnen bak fredsprisen er difor halden i eit språk og eit narrativ som ligg tett opp til romanen. Skildringane blir ofte litt vel blomstrande for denne lesaren, og til alt overmål opnar boka med ein fiksjonalisert prolog forfattaren har dikta sjølv. Ho gjer lesaren tidleg merksam på dette, men etter mi meining er ikkje dette eit grep som løfter boka. Ettersom Simensen har valt seg ei romannær tilnærming til prosjektet hadde det neppe skada framstillinga om ho hadde kutta ut nokre av dei mange sidehistoriene som tidvis gjer det vanskeleg å halda merksemda til lesaren.


Mari Torsdotter Hauge er master i historie frå Universitetet i Oslo (2014) med avhandlinga Kommunismens medløparar? Fem norske venstreintellektuelle og haldningane deira til Sovjetunionen i perioden 1945-1948. Ho startar som doktorgradsstipendiat i historie ved European University Institute i Firenze hausten 2015.

Bildet øverst stammer fra tyskspråklig wikipedia.

Share

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published.

*